Han er Noregs mektigaste elev

Petter Andreas Lona er den nye leiaren av Elevorganisasjonen. Det neste året skal han jobbe for å gjere skulekvardagen betre for alle elevar.

Denne saka er henta og korta ned frå den opphavelege versjonen som vart publisert hjå Framtida.no.

Du har kanskje høyrd om eller sjølv vore med i elevrådet på din eigen skule. Elevorganisasjonen (EO) er litt som eit elevråd for alle elevar i heile Noreg. Dei jobbar for at elevar sine stemmer skal bli høyrde i saker som påverkar kvardagen deira.

Framtidas Noreg

Hjartesaka til Lona er at alle elevar sine ønske skal bli høyrde og respekterte. Han meiner dette er den viktigaste grunnsteinen som må på plass for å sikre demokratiet.

– Nettopp fordi det vil sørgje for at elevane, som er framtidas Noreg, har tru på og motivasjon til å delta i demokratiet.

Samstundes synest EO-leiaren at det er viktig at alle elevar har like føresetnader for å delta i skulen.

– Dette gjer vi ved å ha trygge klasserom som alle har råd til å lære i.

Nokre av sakene han er oppteken av, er at dagens eksamen blir avvikla, at fråværsgrensa blir fjerna og kampen mot forfallet av norske skulebygg.

– At over 110 000 elevar går på skule i bygg med alvorlege feil på luftanlegg og varmeanlegg er ein tragedie i mine auge.

Les meir: Operasjon Dagsverk går til colombiansk ungdom

Kampen mot arbeidsbrakka

Petter Andreas Lona har engasjert seg for elevars rettar heilt sidan barneskulen.

– Det starta med at vi elevane blei trakasserte av bebuarane på ei arbeidsbrakke på skulevegen. Vi kjempa i fem år for å rive den arbeidsbrakka.

Etter at han byrja på ungdomsskulen, vart arbeidsbrakka fjerna. Det motiverte Lona til å stille som elevrådsleiar på ungdomsskulen, for å kjempe mot mobilfri skule.

No tar han steget opp, og representerer elevar i heile landet. Den påtroppande leiaren i Elevorganisasjonen vil vere ein leiar som møter medlemsmassen.

Les om forgjengaren til Petter Andreas Lona

Elevar tar opp saker på TikTok

Lona ser opp til alle på hans alder som er aktive i media, anten som spaltistar eller kommentatorar, og som tør å stå i stormen uansett kva meiningane deira er.

Sjølv held han seg oppdatert ved å lese dei største avisene om morgonen. Han plar òg å googla ord som «skule», «elev» og liknande, for å finne ut kva som blir mest lese for augeblinken.

– Eg følgjer også mykje med på TikTok og Instagram for å høyre kva problem som opptek einskildelevar. Det er overraskande kor mange saker elevar sjølv tar opp i sine sosiale medium før det når nasjonale medium.

Les meir: TikTok vil avgrensa tidsbruk for unge brukarar

Har du engasjert deg på din skule?

Har du engasjert deg på din skule?

Ja15
Nei29
Nei, men eg har lyst5
Veit ikkje3
Svar totalt: 52