Elevorganisasjonen har fått ny leiar

Tidleg i mars vart Kristin Schultz samrøystes vald til ny leiar i Elevorganisasjonen. Draumeskulen til Kristin er ein skule der elevane sjølve bestemmer korleis dei lærer best. Der elevane får vere med på å forme sin eigen skulekvardag, og moglegheit til å utvikle seg sjølv og dyrke interessene sine.

– Heile oppveksten min har eg vore den typen som var først opp med handa når vi skulle velje elevrådsrepresentant for klassa, fortel Kristin Schultz på e-post til Framtida.no.

I starten var det mest fordi ho då fekk ete pizza med dei eldre elevane, men etterkvart byrja Schultz å leggje merke til urettferda som skjedde rundt ho:

– Då følte eg ein trang til å gjere noko med det, og plutseleg fekk engasjementet mitt meir meining.

Kor viktig er det å engasjere seg allereie på barneskulen? 

– Det er kjempeviktig! På barneskulen har ein ofte mange tankar og meiningar om ulike ting, og då er det viktig at ein bruker stemma si for å få det fram. Det er dei som er elev på barneskulen som best veit korleis det er å vere elev på barneskulen, og for at vi skal kunne få ein så bra skulekvardag som mogleg, må ein seie ifrå viss ein meiner at noko burde vere annleis

Kva kan ein forvente å gjere som elevrådsrepresentant når ein er elev på barneskulen?

– Når ein sit i elevrådet, så deltar ein på møte for å diskutere saker som er relevant for elevane og skulen. Det kan vere alt frå kva ein treng å ha av utstyr i skulegarden, til kva aktivitetar skulen burde arrangere for elevane og korleis ein kan forhindre mobbing. Det er ein plass der dei vaksne kan høyre kva elevar meiner, slik at dei kan ta avgjerder som elevane synest er bra.

Kva er dei beste lærdomane ein kan få som elevrådsrepresentant?

– Som elevrådsrepresentant får ein verkeleg føle at ein deltar i eit demokrati! Du får lære korleis du som elev kan påverke skulekvardagen din, og du får representere alle elevane i klassen din og sørge for at desse får ei stemme når skulen skal ta avgjerder. Den beste lærdommen er at ein får føle på kroppen kor viktig det er at ein bruker stemma si når ein har ei meining, for det kan faktisk utgjere ein forskjell.