Vil bygga med poteter på Mars

Forskarar ved universitetet i Manchester har laga eit nytt materiale som dei vil bruka til å bygga bygningar på Mars.

Stjernebetongen toler mykje meir enn vanleg betong. Foto: Aled Roberts / The University of Manchester

Materialet er kalla «StarCrete», eit ordspel på det engelske ordet for betong, og er laga av utanomjordisk støv, potetstivelse og salt, fortel universitetet i Manchester.

Materialet er dobbelt så sterkt som betongen me har på jorda, det må den vera for å halda seg heil under trykket frå den tunge atmosfæren på Mars.

Laga eiget Mars-støv

Sidan støv frå Mars er vanskeleg og dyrt å få tak i måtte forskarane laga kunstig Mars-støv for å utvikla materialet.

Glasbehaldar med falsk månestøv
Forskarane laga simulert månestøv og marsstøv til eksperimenta sine. Foto: Aled Roberts / The University of Manchester

Målet deira var å laga ei oppskrift på betong som blir lett å laga når astronautar skal i gang med å byggja forskingsstasjonar på andre planetar.

Dei fekk òg til å laga StarCrete med støv frå månen, den var enda sterkare enn den med støv frå Mars.

Les meir: Barneskuleelevar gjorde viktig oppdaging

Les også: Seks nye galaksar er oppdaga