Meir uteleik kan vega opp for mykje skjermtid

Japanske forskarar har undersøkt korleis skjerm påverkar barn.

900 barn var med i studien til dei japanske forskarane, skriv Ung.Forskning.no. Alle barna var 1,5 år gamle då studien byrja. Forskarane følgde dei fram til dei fylte fire.

Forskarane undersøkte særleg tre ting:

  • Barna si skjermtid.
  • Kor mykje tid dei brukte på å leika ute då dei var 2,5 år gamle.
  • Korleis barna snakka og klarte vanlege ting. Som å kle på seg, gå på do, pussa tenner eller vaska hender.

Barna som hadde mest skjermtid som toåringar, var litt dårlegare til å snakka og å gjera vanlege ting enn dei som hadde mindre skjermtid. Barna som hadde brukt meir tid ute, var betre på å gjera dei vanlege tinga då dei hadde fylt fire. Men barna vart ikkje betre til å snakka av å vera mykje ute.

Forskarane trur derfor det er viktig at barn ikkje får altfor mykje skjermtid. Dei trur det er like viktig at barn er ute og leikar mest mogleg, spesielt viss dei bruker mykje tid på mobilen.

Sjølv om berre små barn vart undersøkte i denne studien, har andre forskarar funne ut at både vaksne og større barn har godt av å vera ute.

Studien vart først omtala i det vitskapelege tidsskriftet JAMA Pedriatics.