Segla sjørøvarar med eit slikt flagg?

Store, svarte flagg med ein hovudskalle og knoklar i kors. Brukte eigentleg sjørøvarane slike flagg?

Ung. Forsking har snakka med professor Magne Frostad for å finna svaret.

– Svaret er at dei ofte lurte seg innpå ved å bruka andre land sine flagg. Til dømes ved å bruka same flagg som skipet dei skulle røva, fortel han.

Så sneik dei seg nært skipet, før dei plutseleg bytta til eit sjørøvarflagg.

– Piratane tok i bruk flagget med bein og hovudskallar for 300 år sidan, seier Frostad.

Dei håpa at flagget skulle vera så skremmande at offera overgav seg utan kamp.