Tyske Alfred fann forklaringa på jordskjelv

Men det skulle gå veldig mange år før forskarar ville høyra på han.

Fakta: Jordskjelv, vulkanar og fjellkjeder
  • Kontinenta og verdshava ligg oppå store plater som beveger seg veldig sakte rundt oppå den varme og nesten flytande innsida av jordkloden. Desse rørslene lagar spenningar i jordskorpa. Spenningar som før eller seinare må bli utløyst. Då blir det jordskjelv.
  • Opp av sprekkar mellom platene kan det også komma lava tytande ut av vulkanar.
  • Fjellkjeder kjem av kollisjonar mellom platene.
  • Landet Tyrkia ligg oppå si eiga vesle plate. Den blir dytta på frå fleire kantar. Derfor er Tyrkia ein av stadene i verda som har aller flest store jordskjelv.
  • I Noreg er me så heldige at me bur langt unna nokon stad der kontinentplater møtest. Derfor er det ikkje vulkanar og heller ikkje store jordskjelv i Noreg.

(Kjelde: Ung.Forskning.no)

LES FAKTALUKK FAKTA

Tyske Alfred Wegener vart fødd i den tyske hovudstaden Berlin i året 1880. Han var både smart og flink på skulen, skriv Ung.Forskning.no. Ein dag la Alfred merke til noko underleg på ein globus. Han la merke til at Sør-Amerika og Afrika nesten ser ut som to puslespelbrikker. Det fekk han til å undra – kanskje hadde dei to kontinenta hengt saman?

Fossil og stein

Han blei endå meir nysgjerrig då han fekk høyra at forskarar hadde funne dei same eldgamle fossila etter dyr og plantar i både Afrika og Sør-Amerika. To kontinent som no låg langt frå kvarandre på kvar si side av Atlanterhavet. Då forskarar også fann heilt like steinar på begge dei to kontinenta, vart Alfred endå meir overtydd.

Gigantkontinent

I 1915, då Alfred var 35 år gammal, gav han ut boka «Opphavet til kontinenta og hava».

I boka skildra han teorien sin om at alle kontinenta på jorda for millionar av år sidan hang saman i eitt einaste gigantkontinent. Resten av jorda var dekt av eit enormt hav. Så byrja delar av dette gigantkontinentet sakte å bevega seg vekk frå kvarandre.

Dermed blei dagens kontinent og hav sjåande ut slik som i dag, meinte Alfred.

Dessverre var det ikkje mange som ville høyra på ein så fantasifull teori.

Blei trudd til slutt

Først på 1960-talet, nesten 30 år etter at Alfred Wegener døydde, vart teorien hans akseptert av dei fleste andre forskarar som er ekspertar på dette.

I dag veit me at han hadde rett og at kontinentplatene kan bevega seg både mot kvarandre og frå kvarandre.