Mange sit utan heim etter jordskjelva som råka Tyrkia og Syria sist veke. Foto: AP Photo/Bernat Armangue

Ifølgje Unicef skal jordskjelva i Syria og Tyrkia 6. februar ha ramma meir enn 7 millionar born, skriv NRK.

– I Tyrkia bur det 4,6 millionar barn i dei ti områda som vart råka av skjelvet, i Syra er 2,5 millionar born råka, fortel James Elder frå Unicef.

Jobbar med å gje hjelp

FN er blant dei som no jobbar på spreng med å gje stønad til dei som er råka av skjelva. Dei arbeidar med å levera naudsynte ting til dei overlevande.

– Å levera mat, helse, vern, husly og andre livreddande forsyningar til alle dei menneskja som er råka er veldig viktig no, fortel António Guterres, som er generalsekretær i FN.