Åtvarar mot iskaffi-trend

Mange barn og unge har byrja å drikke kaffi dei siste åra. Ekspertar meiner trenden kan vera farleg for kroppen.

Fakta om kaffi
  • Noreg ligg i verdstoppen i å drikke mest kaffi kvart år.
  • Verkestoffet i kaffi som heiter koffein finst i mange drikkevarer. Blant anna finst det i energidrikkar, brus og te.
  • Koffein kan gjera deg avhengig.
  • For mykje koffein kan gå ut over søvn, konsentrasjon og den fysiske helsa.

Kjelder: SSB og NHI.

LES FAKTALUKK FAKTA

Då pandemien starta i 2020 dukka det opp mange trendar som omhandla iskaffi på TikTok. Desse trendane har leia til at fleire barn og unge drikk kaffi oftare, skriv NRK.

Oddveig Fossdal Drøpping er ekspert på næring. Ho åtvarar unge mot å drikke for mykje kaffi. Det er stoffet koffein som er farleg i brygget.

– Barn toler ikkje like mykje koffein som vaksne, fortel ho.

– Berre ein kopp kan gjera at ein søv dårlegare om natta, legg eksperten til.

Stoggar ikkje vekst

Du har kanskje blitt fortalt av ein vaksen at kaffi stoppar deg frå å veksa. Det fortel næringseksperten at ikkje stemmer, men likevel har kaffi andre biverknadar.

– For mykje koffein kan blant anna leia til angst, forstyrra åtferd og søvnproblem. Om ein drikk veldig mykje kan ein få konsekvensar for nervesystemet, til dømes kan ein få kraftig hjartebank, fortel Fossdal Drøpping.