Isabella Shangalawe Knoff (11), Opedal skule

Kva er ditt største ønske for deg sjølv i 2023?
– Håpar på elektriske fly slik at me kan reisa miljøvenleg like mykje som før.
Kva er ditt største ønske for verda i 2023?
– Håpar at Russland skal slutta å kriga med Ukraina, og at det blir meir snø.
Øystein Eidnes (11), Opedal skule

Kva er ditt største ønske for deg sjølv i 2023?
– Eg ønskjer meg hund, ein sauehund fordi eg har geiter som han kan passa på.
Kva er ditt største ønske for verda i 2023?
– Få slutt på klimaendringane.
Hanna Julia Filus (11), Opedal skule

Kva er ditt største ønske for deg sjølv i 2023?
– Å vinna lotto. 10 millionar. Eg vil fly rundt i verda med elektrisk fly.
Kva er ditt største ønske for verda i 2023?
– At det blir sleppt ut mindre CO₂ i verda. Det er ikkje bra for verda og klimaet at verda slepp ut så mykje CO₂.
Mohammed Abdullah Ibrahim (11), Opedal skule

Kva er ditt største ønske for deg sjølv i 2023?
– Eg håpar eg blir rik resten av livet, og at eg får hundar og kattar. Eg ønskjer meg ein sauehund.
Kva er ditt største ønske for verda i 2023?
– At klimaendringane skal slutta, og at det skal bli fred i verda.
Elvira Stave Turhus (10), Flåm skule

Kva er ditt største ønske for deg sjølv i 2023?
– Eg håpar at eg får ein mini-ponni. Vi har allereie hestar, men eg har lyst på min eigen.
Kva er ditt største ønske for verda i 2023?
– Slutt på fattigdom og svolt, og slutt på krigen i Ukraina.
Emma Luise Schøne (10), Flåm skule

Kva er ditt største ønske for deg sjølv i 2023?
– Eg ønsker meg ein ny hund. Vi hadde ein svart labrador, men me måtte avliva han då han braut beinet. Eg pleidde å ri på han då eg var liten.
Kva er ditt største ønske for verda i 2023?
– At det ikkje er krig i verda meir. Og at dei fattige får meir pengar. Det er urettvist at me har så mykje, medan mange ikkje har råd til mat.
Les også: Svarte tenner og telepatiske foster – dette seier 100 år gamle spådomar om 2023
