10 gode nyheiter frå heile verda: – Gir håp og engasjement

Organisasjonen Changemaker driv nettstaden Verdens beste nyheter. Dei meiner det er viktig å snakke om alt som går bra i verda.

  • Lengre nede kan du lese om 10 av dei beste nyheitene for verda i 2022.

– Vi les stort sett berre om krig, konflikt, svolt og katastrofar, særleg i saker som gjeld det globale sør. Då er det ikkje rart at ein sit att med ein tanke om at det ikkje skjer framsteg – men det er ikkje sanninga, seier Marte Hansen Haugan.

Ho er nestleiar i Changemaker. Ho seier at organisasjonen ønsker å opplyse folk om positive endringar som skjer i verda, som ikkje når overskriftene i avisene.

Vil vere ei motvekt

Viss du aldri høyrer om at ting blir betre, er det lett å tenke at det ikkje er noko vits i å engasjere seg. Marte meiner at det å lese om positive nyheiter, gjer at ein får tru på at ein sjølv kan vere med og bidra til å gjere verda betre. Det kan gi håp og inspirasjon.
– Det er viktig i ei verd som har store konfliktar, seier ho.

Marte seier at nyheitene i dag har flest overskrifter som er kriseprega. «Verdens beste nyheter» ønsker å vere ei motvekt til det.

Dei 10 beste nyheitene frå 2022 

Ifølge My-Anine Wilhelmsen i Verdens beste nyheter er dette noko av det beste som skjedde i 2022:

Fleire born overlever i India, etter at helsevesenet har vorte flinkare til å redde nyfødde og småborn. I 1990 døydde nesten 3,5 millionar indiske born under fem år. I 2020 var talet under 800.000.

Fleire born overlever i India. Foto: Jaikishan Patel

Talet på hivinfeksjonar hos born er halvert på ti år globalt, etter ein enorm innsats med testing og livslang behandling av kvinner med hiv.

EU har vedteke ein ny lov som skal beskytte skogane både i og utanfor EU, og hindre at produkt er med på å øydelegge dei.

Foto: Zeke Tucker

Eit nytt hiv-førebyggande legemiddel vart godkjent for første gong i Zimbabwe.

Hawaii fekk sitt siste besøk av skip lasta med kól i 2022. Frå no av skal den amerikanske delstaten satse på rein grøn energi.

Shuar-urfolket i Ecuador har fått utvida rettane sine. Foto: Kleverenrique, CC BY-SA 3.0, via Wikimedia Commons

Shuar-folket i Ecuador fekk sikra rettane til si eiga jord i 2022. Urfolket har vore truga av avskoging og gruvedrift i tiår.

Tre av fire vaksne i heile verda har ein bankkonto. Det er eit resultat av at fleire og fleire får mobiltelefon.

Talet på nasehorn i nasjonalparkane i Nepal steig for fjerde år på rad i 2022.

Foto: Hippopx

Pasientar i Canada med psykiske helseutfordringar kan få resept på utflukter til nasjonalparkane i landet.

Likekjønna par har fått rett til å gifte seg og adoptere born i Slovenia etter at ein ny lov vart vedteke.


Austleg låglands-gorilla har hatt ein nedgong på 80 prosent mellom 1994 og 2019. Foto: Johnny Africa/Unsplash.