Verda skal verna 30 prosent natur fram mot 2030

I morgontimane i dag vart partane einige om ein ny naturavtale, som har vore målet for FNs naturtoppmøte (COP15) i Montreal i Canada.

Landa har blitt einige om vern og bevaring av 30 prosent av eit representativt utval av verdas natur. Avtalen varar til år 2030.

Avtalen inneheld følgjande mål:

  • 30 % restaurering av øydelagd natur.
  • 30 % representativt vern på land og til havs.
  • Mål om å redusera introduksjon og etablering av framande artar med 50 %.
  • Reduksjon av miljøskadelege subsidiar med 500 milliardar dollar årleg innan 2030.

COP15 skulle eigentleg vorte gjennomført i Kina i 2020, men vart utsett på grunn av koronapandemien.

Ifølgje NRK vart avtalen vedteke trass i at Kongo ikkje støtta avtalen.

Noreg og Australia saman for havet

Klima- og miljøminister Espen Barth Eide Foto: Cecilie Stuedal

Noreg og Australia har saman med 35 andre land teke til orde for sterkare vern av verdshava. I ei felles utsegn tok landa til orde for å verna minst 30 prosent av verdas hav.

I ei pressemelding frå regjeringa understreka klima- og miljøminister Espen Barth Eide kor viktig det er å ta vare på matfatet vårt.

– Sjølv om havet er vårt største og mest artsrike økosystem og avgjerande for våre liv, kjem det ofte i skuggen av naturen på land. Det ser me også her på naturtoppmøtet, og ynskjer å gjera noko med det. Difor har Noreg i tospann med Australia teke initiativ til å få partane her med på eit krafttak for havet, sa Barth Eide i pressemeldinga.