FN: Ozonlaget vil vere reparert innan 2066

Ozonlaget rundt jorda er i ferd med å lækjast.

Ozonlaget er eit lag med gass som ligg rundt jorda og beskyttar oss mot kraftige UV-stråler frå sola. Desse strålene skadar livet på jorda, og kan føre til hudkreft hos menneske.

Dette laget har blitt sterkt svekka av skadelege gassar, og i 1987 vart verdssamfunnet einige om å kutte i utslepp av desse gassane.

No byrjar forskarane å sjå tydeleg at ozonlaget er i ferd med å verte betre. Det tar lang tid, men held betringa fram i dette tempoet vil ozonlaget vere heilt reparert i 2066.

Forskarane gjer undersøkingar av ozonlaget kvart fjerde år. Laget er tynt over fleire stader på kloden, og over Antarktis er det eit stort hòl.

Avtalen som vart teikna i 1987 kallast Montreal-protokollen. Den vert rekna som ein av dei største økologiske sigrane i historia.


Les også: Kan me reisa til verdsrommet og samtidig nå klimamåla?

FOTO: Aubrey Gemignani / NASA / AP