Kan me reisa til verdsrommet og samtidig nå klimamåla?

Nyleg var det 14 menneske på reise samtidig i verdsrommet. Det blir vanlegare og vanlegare å reise på romferd. Vil alle desse turane skada klimaet?

Ifølgje den amerikanske avisa LA Times, vil det i åra framover bli cirka 1000 turar til verdsrommet kvart år. Forskarar veit enno ikkje nøyaktig kor mykje ein slik tur påverkar klimaet vårt. Men dei veit at eit romfartøy slepp ut 100 gangar så mykje COper passasjer som ein flytur, skriv Ung.Forskning.no.

Krev masse energi

Når ein romrakett som til dømes SpaceX Falcon blir skoten opp i verdsrommet, strøymer det ut varme gassar frå til saman 27 motorar.

– Det å få ein rakett opp i lufta krev masse energi, skriv Marianne Tronstad Lund i ein e-post til Forskning.no. Ho er klimaforskar på Senter for klimaforsking (CICERO) i Oslo.

– Så lenge denne energien kjem frå fossile kjelder, slik som olje og gass, vil rakettane sleppa ut store mengder CO2. Men det blir òg sleppt ut andre klimagassar som er med på å påverka klimaet vårt, seier klimaforskaren.

Ikkje berre CO2

Ein av dei andre klimagassane blir kalla for NOx (NOx er forkorting av nitrogenoksid). Den kvite røyken som kjem ut av raketten når han blir opp skoten i verdensrommet, er full av NOx. Etter at raketten er skoten opp frå jorda, hamnar den i verdsrommet, langt opp i atmosfæren. Då kan utsleppa skada ozonlaget vårt, ifølgje Lund.

Ozonlaget er eit lag av gass høgt oppe i atmosfæren som vernar oss mot den farlege ultrafiolette (UV) strålinga frå sola.

Framleis få turar til rommet

– Enn så lenge er det få turar til verdsrommet som blir gjennomførte, så det er inga stor kjelde til klimagassar enno. Men det er klart at viss turar til verdensrommet bli meir vanleg, er ikkje dette gode nyheiter for dei klimamåla me har sett oss, ifølgje Lund.

Klimamåla er noko Noreg har vorte samde om saman med mange andre land i verda. Dei går ut på at temperaturane på kloden ikkje skal auka meir enn to grader. Helst skal dei ikkje auka meir enn 1,5 grad.