Skogfinnane har fått sitt eige flagg

Skogfinnar er ein av dei fem nasjonale minoritetane i Noreg. No har dei for første gong fått sitt eige flagg. 

Flagget skal vere eit symbol på samhøyrsle og felles opphav.

Dette betyr fargane

Skogfinnar er etterkomarar av finske innvandrarar til Noreg frå tidleg 1600-tal. Tradisjonelt har skogfinnar budd på Finnskogen i Hedmark, men i dag bur skogfinnar over heile Noreg.

Fargane og forma til det nye flagget er alle valt med omhu:

Grønt skildrar skogen si betydning for skogfinnar sin svedjebrukskultur. Svedjebruk er ein metode for å drive jordbruk. Det betyr at ein brenner skog, og så dyrkar mat i oska.

Gult står for svedjerug. Det er ein type rug som trivest godt i jord som har vorte drive med svedjebruk.

Raudt står for eld og treet rogn. Rogna vert rekna som heilag i skogfinsk kultur.

Svart står for sotet som oppstår etter svedjing og for dei sotete veggane i røykstover, røykbadstover og rier (tørkehus).

Forma til det svarte feltet er i tillegg eit gammalt symbold for fruktbarheit.


Les også: Slik kunne det norske flagget sett ut! 

Ulike forslag på det norske flagget. (Dokument frå Stortinget).