Sara (24) skriv grøssarar for barn

Sara Hjardar har skrive den kritikarroste boka «Mia Myhr og barna som forsvant». Sjølv hugsar ho godt brørne Grimm frå då ho var yngre.

– Eg kjenner meg mykje igjen i karakteren Sophie Hatter frå «Det levende slottet» av Diana Tynne Jones – både frå filmen og boka, fortel Sara Hjardar (24) på e-post til Framtida.no.

I boka vert Sophie Hatter forvandla til ei gammal dame. Sara fortel at det viktige ikkje er korleis Sophie ser ut, men korleis ho kjempar med sjølvkjensla og sjølvtilliten sin på innsida.

– Ho startar som ein nokså reservert person, men utviklar seg gjennom boka til å verte ei viljesterk kvinne som ser noko godt i alle, sjølv dei som har gjort ho vondt.

Fekk bokkontrakt gjennom teikneseriekonkurranse

Omslag: Story House Egmont

Sara Hjardar debuterte som forfattar tidlegare i år med den grafiske romanen «Mia Myhr og barna som forsvant». Det er første bok i grøssarserien om Mia Myhr.

VG kåra boka til ei av årets beste: – Denne fortener ein plass høgt oppe på bestseljarlistene, skreiv meldarane.

Sara fekk bokkontrakt etter at ho gjekk heilt til topps i Egmont sin store teikneseriekonkurranse i 2021. Nordlys-forfattar Malin Falch sat i juryen som skulle kåre vinnaren blant 200 håpefulle serieskaparar.

– Historia er like skummel som ho er vakker! Heilt umogeleg å leggje frå segsa ho om Mia Myhr-boka.

Eventyr og grøss

Som liten las foreldra mange eventyr for Sara.

– Eg hugsar spesielt brørne Grimm sine forteljingar og dei klassiske norske eventyra, minnest ho.

No plar ho lese over 20 bøker i året. Då reknar ho med både vanlege bøker, lydbøker, teikneseriar og manga. Helst les ho medan ho sit i sofaen, eller på senga.

Sara skulle ønskje at ho hadde skrive boka Coraline av Neil Gaiman.

– Eg synest at han klarar å kombinere barnelitteratur og grøssarsjangeren på ein perfekt måte som gjer at den ressonerer både hjå den yngre lesar og den vaksne. Denne boka har også inspirert meg masse til å sjølv skrive barnegrøss.

Boka har seinare vorte gjort om til ein film som òg heiter Coraline. Filmen vart nominert til Oscar i 2009.