Billegare for nettbutikkar å kaste returvarer

Mange av varene som vert sende i retur hamnar i søpla, skriv Forskning.no. 

Svenske forskarar har funne ut at billige varer som vert sendt i retur oftare vert kasta. Det same gjeld klede og elektronikk, skriv Forskning.no.

Grunnen er at det ofte er billegare for butikken å kaste vara enn å sjekke at dei er i god nok stand og selje ho på nytt.

– Den harde røyndomen er at det å kaste er det minst dårlege for butikkane ut frå ein økonomisk synsvinkel, seier Carl Dalhammar, ein av forskarane bak studien.

I fjor vart det kasta klede og tekstilar og ulike elektronikkvarer for nesten 237 milliardar norske kroner i EU, skriv Forskning.no.