Familien Brattbakk-forfattar Julia Kahrs vil helst lesa uhyggelege bøker

Den elleville skrekkhistoria «Familien Brattbakk» vann Brageprisen for beste Barne- og ungdomsroman. Forfattaren likar uhyggelege historier.

Barnebokforfattar Julia Kahrs stakk i fjor av med den gjeve Brageprisen for beste barne- og ungdomsroman for si siste bok, Familien Brattbakk.

Den prislønte boka vert av NRKs meldar omtala som årets villaste historie. For kva gjer ein når mor serverer sniglar og les mistenkeleg mykje om kannibalisme?

Kanskje-kannibal

Forfattaren hadde synest det var interessant om boka hennar vart filmatisert. Ho ser føre seg mange fiffige effektar.

– Det ville vore spanande å sjå korleis Signe Brattbakk, mora i boka, ville sett ut til slutt, skriv Julia Kahrs i ein e-post til Framtida.no.

Ho meiner skodespelar Gisken Armand hadde gjort seg godt i rolla som den eksentriske mora i Familien Brattbakk.

– No er det jo strengt tatt Sam som har hovudrolla, men det blir litt merkeleg om Gisken Armand skal spela ein 11-åring. Så då endar det vel opp med at Signe Brattbakk stel showet i filmen, noko som truleg passar ein smånarsissistisk og kontrollerande kanskje-kannibal godt.

Far las Donald

Forfattaren likar å lesa fantasifulle og gjerne litt uhyggelege bøker.

– Kva blei lese for deg då du var lita, og kven las?

– Eg blei lese for kvar kveld. Mor mi las Elsa Beskow, Louis Moe og Astrid Lindgren. Eg hugsar spesielt at eg elska illustrasjonane i boka Bamse av Louis Moe, og ein annan favoritt var Per Pusling av Astrid Lindgren. Far min tok seg av alle Donald-blada og las desse høgt for meg.

– Så fort eg knekte lesekoden føretrekte eg å lesa på senga sjølv, så resten av Astrid Lindgren, alt av Roald Dahl og etter kvart Maria Gripe las eg på eiga hand.

Fantasi for å halde ut

– Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i? 

 Min eigen karakter Noor, frå Noor og miniatyren, som kjem i slutten av februar. Noor har ei ibuande uvilje mot å gjera ting ho ikkje har lyst til å gjera. Denne uviljen er basert på personlege erfaringar. I tillegg har Noor fantasi nok til å ta seg av problemet, på same måte som eg sjølv har brukt fantasien til å halde ut elles uuthaldelege ting.