Julekalender -12. desember

Det knasar under skoa, blad og greiner har eit kvitt tynt kaldt lag med...is, rim..eller frost? Kva er forskjellen?

Frost er temparatur lågare enn 0 grader. Bakkefrost fører til rim i naturen når det er vindstille og klart vêr. Rim er vassdamp som frys til iskrystallar. Iskrystallar oppstår når vassdampen i lufta går direkte over til is, og dei faste vassmolekyla dannar nydelige mønster.

Iskrystallane kan minna om snøkrystallar. Men dei blir danna lokalt på kvisten eller bladet når vassdamp frys til is. Det er altså ikkje nedbør eller snø.