– Me sparar så mykje me kan

Oskar (12), Inger (12) og Nora Sofie (11) likar å spara. Både vekepengar og pengegåver blir ofte sett inn på sparekonto.

Inger Almås

Dette gjer eg for å spara: Sist månad nådde eg målet om å spara til ein Apple Watch. Og eg har spart til ein iPad tidlegare. Eg tener pengar på å gjera ulike oppgåver heime. Eg tek oppvasken, brettar klede, eller legg kleda på plass – og så får eg ein totalsum for alt eg gjer.

Beste sparetips: Eit tips til å få inn ekstra pengar er å panta flasker!

Dette kan vera vanskeleg: Det er litt vanskelegare å spara no når eg har bankkort. Det hender at eg går til kjøpesenteret, og då er det lett å bli freista.

Oskar Monsen

Dette gjer eg for å spara: Eg set pengar inn på sparekonto slik at eg har pengar til eg blir eldre. For eksempel bursdagspengar. Og så pleier eg å jobba hos besteforeldra mine. I sommar har eg hjelpt bestefar med å vaska båtane hans. Eg har også oppgåver heime som eg får betalt for. Eg likar å hjelpa til, så det er mange ting eg gjer utan å få pengar. Men viss eg for eksempel vaskar bilen, får eg betalt.

Beste sparetips: Jobb for andre i slekta også. Eg vaskar bilar for slekt og familie.

Dette kan vera vanskeleg: Det kan vera vanskeleg å spara når det er så mange ting ein kan kjøpa. Derfor går eg ikkje så ofte på senteret. Det er mitt beste tips.

Nora Sofie Koppang

Dette gjer eg for å spara: Dei siste tre åra har eg spart til båt. Planen er å spara heilt fram til eg tar båtlappen. Eg gjer mykje husarbeid, og sparar det meste eg får til bursdagar. Eg går for eksempel tur med hunden. I tillegg har eg fiska krabbar som familie har kjøpt.

Beste sparetips: Sei ja til alle oppgåver foreldra dine spør deg om.

Dette kan vera vanskeleg: Av og til kjøper eg ting eg får lyst på – viss det er noko som er viktig for meg. Eg har bankkort, og det kan gjera det litt vanskeleg å spara. Men, eg har ein eigen sparekonto til båtsparinga, så dei brukar eg ikkje utan at eg har tenkt nøye gjennom det.