– Me gjer husarbeid for å få vekepengar på kortet

William (11), Emily (12) og Daniel (12) gjer ulike oppgåver heime kvar veke for å skaffa seg vekepengar på bankkortet.

Foto: Pernille Johansen

Emily Vatle-Dahl:

Eg tener vekepengar ved å: Eg vaskar bad, støvsugar og ber ut boset.

Eg betaler med: Bankkort og Vipps

Ansvar for eigne pengar: Kan vera litt vanskeleg! Men, det går som oftast fint. Det kan vera vanskeleg å velja om eg skal bruka pengane eller om eg ein bør spara dei.

Foto: Pernille Johansen

William Stautland Compson:

Eg tener vekepengar ved å:  Støvsuga, rydda i gangen, tørka støv, eller moppa golvet.

Eg betaler med: Bankkort

Ansvar for eigne pengar: Er bra! Då veit eg kor mykje pengar eg har, både kor mykje eg har på sparekontoen og på kortet. Det sjekkar eg i mobilappen, og det sjekkar eg ganske ofte.

Foto: Pernille Johansen

Daniel Razoul:

Eg tener vekepengar ved å: Eg får vekepengar viss eg støvsugar, ryddar, handlar, dekker på bordet og hjelper med middagen. Av og til gjer eg det berre for å hjelpa til heime. Det likar eg. Foreldra mine blir så glade! Spesielt viss eg overraskar dei med å gjera noko dei ikkje har bedt om. Det er gøy!

Eg betaler med: Bankkort

Ansvar for eigne pengar: Når me har avtalt at eg skal få betalt for oppgåver heime, likar eg å spara vekepengane. Draumen er å spara til ein bil i framtida. Eg blir freista, men tanken på at eg kan spara til noko større gjer ofte at eg ikkje kjøper ting. Det er ofte kortvarig lykke å handla, synest eg.

Får du vekepengar? Kor mykje får du?

Får du vekepengar? Kor mykje får du?

Eg får ikkje137
Mindre enn 50 kroner14
50 kroner40
Meir enn 50 kroner105
Svar totalt: 296