Pengeekspert: – Pengar kjem ikkje ut av eit hol i veggen

Forbrukarøkonom Silje Sandmæl synest vekepengar er supert når barn og unge skal læra om økonomi.

Gode vekepengetips
  • Får du ikkje vekepengar heime? Lag deg ein plan over kva oppgåver du vil gjera, og spør foreldra dine om det er mogleg.
  • Lag deg eit budsjett slik at du klarar å fordela pengane utover i veka. Tenk gjennom kva du treng pengar til, slik at du ikkje går tom.
  • Set av pengar til sparing med ein gong du får vekepengane.
  • Får du lyst å kjøpa noko, spør deg sjølv om det er noko du treng? Kva verdi har det i høve til noko anna du også har lyst på? Kanskje det er betre å spara pengane? Gjer dette meg glad i lang tid framover, eller gjer det meg glad her og no?
LES FAKTALUKK FAKTA

– Vekepengar er veldig bra! Det gir barn og unge ei større forståing av kva pengar er verdt. Du lærer fort at pengar ikkje kjem ut av eit hol i veggen, og at du må jobba for å få pengar på konto, seier Silje Sandmæl som jobbar med å gje folk pengeråd i DNB.

Ho meiner det er bra å slite litt for pengane ein tener.

– Viss du jobbar for noko, merkar du kor mykje du må jobba for å tena nok til noko du vil kjøpa. Du blir også meir kritisk til å bruka pengar du har jobba for å skaffa deg, fortel ho.

Silje meiner det er fint å starta med å få utbetalt vekeløn ein fast dag i veka, og så gå over til å få utbetalt pengar ein gong i månaden. Gjerne når ein er 13–14 år.

Får du vekepengar? Kor mykje får du?

Får du vekepengar? Kor mykje får du?

Eg får ikkje137
Mindre enn 50 kroner14
50 kroner40
Meir enn 50 kroner105
Svar totalt: 296