4 ting som vart brukt som pengar før pengar vart funne opp

Her er nokre ting folk brukte til å bytte til seg varer og tenester før pengane.

I dag kan vi gi store pengesummar til kvarandre, berre med nokre tastetrykk på mobilen. Pengar er så vanlege i kvardagen vår at det er vanskeleg å sjå for seg korleis verda kunne fungert utan. Korleis skulle du elles ha fått tak i sjokolade, bøker, straum i heimen og drivstoff til bilen?

Men folk har ikkje alltid hatt eit pengesystem med myntar og setlar. Her er 4 ting folk brukte til å bytte til seg varer og tenester før pengane, slik vi kjenner dei, kom til samfunnet:

  1. Fargerike snigleskjell

Fargane, storleiken og slitestyrken til skjella gjorde at dei vart brukte som pengar ulike stader i verda, blant anna i Europa.

  1. Metallbiltar forma som spadar eller knivar

I Kina vart myntar forma som «ekte» gjenstandar for at folk lettare skulle skjøne at dei hadde ein verdi.

SPADE: Kinesiske «myntar» vart forma som ekte gjenstander for å etterlikne noko verdifullt i samfunnet. Foto: Gary Todd
  1. Bitar av hjorteskinn

I gamle Romerriket, Russland og Kina er det funne spor av at lær vart brukt som valuta. Blant anna brukte den kinesiske keisaren Hu av Wan skinn av kvite hjortebukkar til å handle.

  1. Lappar av bjørnebær-bark

Barkesetlar frå Kina på 1300-talet kunne vere like store som eit A4-ark og var kjende som «flygande pengar», fordi dei kunne fly vekk om ein mista grepet på dei. 

Visste du at? 

Byta til seg varer

Før pengar vart oppfunne, byta folk til seg det dei trong ved hjelp av andre varer eller tenester. Til dømes kunne ein bonde gi frå seg korn for å få sko frå ein skomakar. Ting som te, salt, våpen og matvarer byta ofte hender.

Rundt år 600 før vår tidsrekning kom også myntar av ulike metall i bruk, til dømes av sølv, gull eller kopar. Det vart vanleg å gi myntane eit stempel. Det kunne vere bilete av greske gudar, kors, portrett av fyrstar eller inskripsjonar.

Pengar på nett

I dag er kontantar i mykje mindre bruk i Noreg enn dei var for berre 10 år sidan. Pengane våre ligg ikkje i lommeboka eller i ein fysisk bankboks, men vert flytta på digitalt, gjennom bankkort, nettbank og Vipps. 

Ein ny form for digitale pengar har oppstått, såkalla kryptovaluta. Bitcoin er eit eksempel på dette. Pengane finst berre på internett, og dei er ikkje kopla opp mot ein bank eller kontrollert av ein stat. For å lage bitcoin må ei datamaskin gjere store reknestykke over lang tid.