«Spion» vart arrestert i Tromsø

Politiet meiner dei har arrestert ein russisk spion i Noreg.

Ein mann er arrestert fordi styresmaktene trur han er ein spion.

Han har jobba på Universitetet i Tromsø sidan i fjor haust.

Mannen har truleg falsk identitet, og politiet trur han jobbar for å sende norske hemmelegheiter til Russland.