Egypt: Afrikanske leiarar krever at rike land gjev meir pengar

24 afrikanske leiarar krever at dei rike landa bidreg med fleire pengar til dei fattige landa, slik at dei kan tilpasse seg klimaendringane.

6.-18. november samlast leiarane frå landa som har skrive under FNs klimakonvensjon til eit nytt toppmøte. Klimatoppmøtet COP27 vert halde i Sharm El Sheikh, Egypt.

Afrika bidreg med 3 % av dei globale utsleppa av klimagassar, men vert hardt råka av konsekvensar, som tørke og flaum.

Dei rike landa har lova å bidra med 100 milliardar dollar årleg til dei fattige landa, men har ikkje innfridd.