Det kan bli dyrare å gå på kino

Høge straumprisar gjer at kinosalane får høgare kostnader.

For at det skal vere ein god temperatur inne i kinosalane, må kinoane bruke mykje pengar på oppvarming.

No for tida har straumen i Noreg vorte mykje dyrare. Det gjer at det også blir dyrare med oppvarming i kinosalane.

Erlend Serigstad, kinosjef for Bryne Kino i Rogaland, seier til NRK at det blir vanskeleg for kinoen å få pengane til å strekke til.

Jon Einar Sivertsen, kinosjef for Odeon Kino i Oslo, seier at det kan føre til at det blir fleire visingar av filmane og at opningstidene vert kortare, eller i verste fall at billettane vert dyrare.