Lågare risiko for depresjon hos dei som gjekk på kino og konsert

Forskarar har funne at kulturelle tilbod som kino, teater og konsertar kan hindre utviklinga av depresjon seinare i livet.

Den nye studien er omtalt hjå forskning.no og utført av forskarar ved University College London.

Ordforklaring: Ein person som er deprimert er ofte nedtrykt, har lite energi og klarer ikkje vise glede. Dei kan også ha problem med å vise interesse for andre menneske.

Forskarane har analysert svara frå meir enn 2000 av deltakarane i den engelske studien ELSA, som hentar inn informasjon om helse, velvære, økonomiske og sosiale forhold blant engelskmenn over 50 år.

I den nye studien har dei kartlagt kartla kor ofte informantane drog på teater, konsertar, kino, kunstgalleri, utstillingar og museum i ein periode på ti år.

Resultata viste at dei som oppsøkte desse tilboda eit par gongar i halvåret hadde 32 prosent lågare risiko for å utvikle depresjon. Dei som gjekk kvar månad eller meir hadde 48 prosent lågare risiko.

Trur det er fleire faktorar som gir gode resultat

Forskarane trur at samhandling med menneske, kreativitet, mental stimulering og mild fysisk aktivitet i dei kulturelle tilboda er det som gir så gode resultat.