Justisministeren må svara på TikTok-kritikk i Stortinget

Høgre-politikar Sveinung Stensland ber justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) gjera greie for sin TikTok-bruk i Stortinget.

I helga skreiv NRK om justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) sin bruk av TikTok.

Fleire ekspertar er kritiske til justisministeren sin TikTok-bruk. Kritikken dreier seg både om nasjonale tryggingsomsyn og personvern.

Justisministeren delte sin første TikTok-video 8. oktober og har i skrivande stund over 12.800 følgjarar. Mehl har delt i alt fem videoar.

Kinesisk datainnsamlingsverktøy

Videoappen TikTok har over 2 milliardar brukarar verda over. I Noreg brukar sju av ti unge i alderen 9–18 år appen dagleg, ifølgje Medietilsynet.

Forskar i informasjonssikkerheit ved NTNU, Gaute Bjørklund Wangen, kallar TikTok «eit datainnsamlingsverktøy som vidaresender informasjon til Kina».

I 2020 tok den amerikanske hæren grep og ba sine tilsette sletta TikTok, noko marinen og Forsvarsdepartementet alt hadde gjort. Grunnen var at appen vart vurdert som ein cyber-trugsel.

Til NRK forklarar den norske justisministeren at ho held seg til reglane ho har fått frå departementet og frå Nasjonalt tryggingsorgan (NSM).

– Eg har eit veldig aktivt forhold til sikkerheit i all bruk av digitale verktøy. Det er noko eg kanskje kan setta fokus på ved å bruka appen, seier Mehl til NRK.

Ekspertar var kritiske til justisministeren sin TikTok-aktivitet rundt eit besøk i Nederland. Skjermdump

Spørsmål i Stortinget

No har andre nestleiar i justiskomiteen, Sveinung Stensland (H), teke saka til Stortinget der han i eit skriftleg spørsmål ber justisministeren svara på om ho bruker TikTok på ein mobil i tenesta, og om ho kan utelukka at informasjon frå mobilen hennar kan koma på avvege.

«Kan statsråden gjøre rede for sin bruk av appen Tiktok, herunder om den er installert på en mobiltelefon hun bruker i tjenesten, og kan statsråden utelukke at informasjon fra hennes mobiltelefon kan være på avveie?»