Dei kulaste vikinggudane 

Forfattar Martin Aas har skrive boka «Det kuleste fra vikingtiden». Han fortel at vikingane sine gudar var verken perfekte eller allvitande. 

– Gudane var fulle av feil og manglar – slik som deg og meg. Det gjer vikingane sine gudehistorier veldig morosame. Sjefguden Odin er til dømes tidvis skikkeleg dust. Og sjølv om kødda-guden Loke ofte gjer slemme ting, er han òg ein av dei viktigaste hjelparane til dei andre gudane i Åsgard.

 

ODIN

ILLUSTRASJON: Martin Aas

Odin er den mektigaste og klokaste guden. Det er han som bestemmer i gudebyen Åsgard. Han har gitt frå seg det eine auget sitt for å kunna drikka frå brønnen til kunnskapen og bli kjempesmart. Han har ein magisk gullring som det dryp nye gullringar frå, eit magisk spyd som aldri set seg fast, og ein åttebeina flygande hest som heiter Sleipner. Odin har også to ulvar og to ravnar, som reiser rundt i verda og får med seg alt som skjer. I tillegg har han ein magisk gris som kan slaktast kvar kveld og vera like heil og levande dagen etter.

 

TOR

ILLUSTRASJON: Martin Aas

Tor er vêrguden til vikingane og den sterkaste guden. Våpenet til Tor er hammaren Mjølner, som treff alt han siktar på og som alltid kjem tilbake til handa hans. Tor har to magiske geitebukkar som trekker vogna hans. Desse geitene kan bli etne kvar kveld og vera like levande morgonen etter. Når Tor og bukkane reiser over himmelen blir det torevêr. Lynet du ser, er gneistar som kjem frå vogna. 

 

FRØYA

ILLUSTRASJON: Martin Aas

Frøya er gudinne for kjærleik, babyar og magi. Ho er veldig vakker og omgitt av ein aura som gjer at nesten alle er forelska i henne. Ein av friarane hennar har vorte forvandla til ein gris som ho rir rundt på. Frøya har ein fjørdrakt som gjer at ho kan fly, og ei vogn som er heilt lydlaus fordi ho blir trekt av kattar. Ho er veldig glad i smykke og græt tårer av raudt gull. Halvparten av alle menneske som døyr i krig kjem til Frøyas gard i Åsgard, Folkvang. Dei ho ikkje vil ha, blir sendt til Valhall.

 

TY

ILLUSTRASJON: Martin Aas

Ty er den modigaste av alle gudane i Åsgard og er gud for krig, ære og rettferd. Det er han som bestemmer kven som vinn i krigar. Så viss du skal ut og slåst, er det smart å ofra nokre gåver til han i forkant. Ty er kjempegod til å slåst sjølv om han berre har éin arm. Den andre vart bite av då han skulle binda fast Fenrisulven. Vekedagen «tysdag» 

er kalla opp etter Ty.

 

HEIMDALL

ILLUSTRASJON: Martin Aas

Heimdall er dørvakt i gudebyen Åsgard. Han passar på regnbogebrua Bifrost som går ned til Midtgard der menneska bur. Heimdall har eit horn som kan høyrast i heile universet. Når han blæs i dette, er det teikn på at verdas under gang, Ragnarok, byrjar. Heimdall er òg den av gudane som har den raraste familien. Han er son av ni mødrer som også er søstrer… (eg skjønner heller ikkje heilt korleis det fungerer).

 

RAN OG ÆGIR

ILLUSTRASJON: Martin Aas

Ran og Ægir er eit ektepar som herskar over havet. Dei har ni døtrer som lever i bølgjene (og som er mødrene til Heimdall). Ran har eit stort nett som ho fangar sjømenn med og drar dei ned til seg i djupet. Det er dette som skjer når nokon druknar. Ægir er berre glad i å festa, og inviterer ofte gudane i Åsgard og alvane i Alfheim heim til seg og Ran på fest

 

LOKE

ILLUSTRASJON: Martin Aas

Loke er ein gud som elskar å lura folk. Han kan også byta kjønn og forvandla seg til forskjellige dyr. Mellom anna gjer han seg om til ein hest for å føda Odins åttebeinte flygande hest Sleipner. Loke er òg faren til den kjempedigre Fenrisulven, den kjempelange Midgardsormen (som ligg rundt heile jorda) og dødsgudinna Hel.

 

HEL

ILLUSTRASJON: Martin Aas

Hel er dotter av Loke og herskar over dødsriket Helheim. Uttrykket «å slå i hel» betyr å drepa nokon (så dei kjem til Hel). Då kristendommen kom til Skandinavia, tok dei namnet til vikingane si iskalde dødsguddinne og brukte det som namn på sitt eige, glovarme dødsrike: Helvete. Hel har ulvehunden Garm som vaktar inngangen til Helheim.

 

(Kjelde: Boka «Det kuleste fra vikingtiden» / Kagge forlag)