Hadde ikkje rettskriving

Vikingane brukte gamle bokstavar, runer, til å skrive.

Runene består berre av rette liner, så dei er lette å rissa inn i stein, tre eller bein. Dei skreiv blant anna for å fortelja om viktige ting som hadde skjedd, laga minnesteinar, skreiv namna sine på ting dei eigde, eller brukte runene som magi eller for å be gudane om hjelp, ifølge Kulturhistorisk museum.

Men vikingane hadde inga rettskriving, og gamle runer kan difor vera vanskelege å tolka.

Foto: Arild Nybø, CC-lisens