Det kulaste frå vikingtida

Martin Aas har skrive teikneserieboka «Det kulaste frå vikingtida». Den er proppfull av spennande informasjon om korleis vikingane levde.

– Det som kanskje har overraska meg mest er kor lite me eigentleg veit om vikingtida. Vikingane likte jo ikkje å skriva ned ting sjølv, så det einaste me eigentleg har er eit gigantisk puslespel med nokre pilspissar og gravhaugar som me har grave opp, og ting som enten er skrive av fiendane til vikingane eller fleire hundre år seinare. Alt utover det er meir eller mindre gjetting, seier han.

LÆRERIK: Martin har laga 176 lærerike sider med fargerik teikneserie om vikingane. Bokomslag: Kagge forlag

Ei spennande reise

Martin Aas synest det vanskelegaste og mest tidkrevjande har vore å finna ut korleis han best mogleg kunne fortelja heile 300 år med historie.

– Eg hadde lyst til å fortelja det heile som ei samanhengande historie, som tar lesaren med på ei spennande reise og som gir dei eit inntrykk av korleis verda var for over 1000 år sidan. På tre år har han skrive og teikna 176 lærerike sider med fargerik teikneserie. 

– Eg har alltid synst at boksider med teikningar er mykje morosamare enn boksider med berre rein tekst. Du kan òg fortelja veldig mykje med ei enkel teikning, teikneseriestripe, eller eit morosamt kart, som det hadde tatt veldig mange ord å forklara med tekst, fortel Martin.

 

Martin sine topp 3 vikingfakta:

 

1: Vikingane var skikkeleg jålete! 

Når du høyrer ordet viking ser du kanskje for deg blodige og skitne krigarar, men vikingane var faktisk veldig reinslege og glade i å pynta seg. Nokon av dei bleika til og med hår og skjegg med lut for å bli vakrare. Ein engelsk munk skreiv i år 1002 om korleis vikingane i England hadde enormt draget på damene fordi dei var så velstelte. I motsetnad til engelskmennene bada dei éin gong i veka. Noko som var veldig ofte på 1000-talet. Vekedagsnamnet laurdag betyr nettopp «badedagen».

PYNT: Hårspenne frå vikingtida funne i ei grav på Snåsa. Foto: Johnsen, Eirik Irgens, Kulturhistorisk museum. Lisens: CC BY SA 4.0

 

2: Vikingane tok med seg kattar rundt om i verda! 

Dei la ut på lange reiser, og hadde derfor kattar med seg på skipa for å halda mus og rotter unna maten om bord. Då vikingane gjekk i land for å handla eller plyndra, gjekk òg gjerne skipskatten i land. Og då vikingane skulle dra igjen, var det ikkje alltid at dei fann den katten dei hadde tatt med seg. Så då tok dei berre ein annan katt på reisa vidare. På denne måten bidrog vikingane til at katte-DNA vart spreidd rundt omkring i Europa, og enkelte forskarar meiner til og med at det var vikingane som tok med seg den første huskatten til Canada.

 

3: Vikingane drog heilt til Bagdad! 

Dei drog ikkje berre langt vest, til Grønland og Canada, men også langt aust. Med slavar, pels og honning som handelsvarer drog dei heilt ned til Midtausten for å handla til seg ting som sølv og silke. Gjennom handel vart ikkje vikingane berre påverka av kristendommen, men også islam.

AUSTOVER: Den polske maleren Henryk Siemiradzki har malt ei gravferd for austfarande vikingar. Foto: Wikimedia Commons