Denne familien er vikingar heile sommaren

Brynhild (10) og Eloann (6), mamma Marie og pappa Fjallarr Stalheim brukar sommaren på å vera vikingar i Viking Valley i Gudvangen. 

Viking Valley er ein turistattraksjon der mange turistar kjem på besøk kvar sommar for å sjå korleis vikingane levde for tusen år sidan. Viking Valley tyder vikingdal på norsk.

For å gjera vikingbyen så ekte som mogleg, er det mange ulike menneske som brukar sommaren på å leva som om tida var skrudd langt tilbake.

LEIKAR: Eg likar best å leika sverdkamp. Og å skyta med pil og boge, fortel Eloann. Foto: Privat

Pappa Fjallarr og mamma Marie møttest i vikingbyen då han var med på å byggja byen og ho kom til Gudvangen for å ha sommarjobb. Både Marie og Fjallarr likar å driva med sverdkamp, og det viste seg at begge var like glad i vikinglivet. Dei forelska seg – og etter kvart blei Brynhild og Eloann fødd.

– Brynhild og Eloann har vore vikingar sidan dei kom til verda, fortel mamma Marie.

– Eg var med på min første vikingmarknad då eg var seks månadar, fortel Brynhild.

Eigen butikk

I vikingbyen har Brynhild laga til ein butikk der ho sel smykke.

– Eg skriv runer med svipenn på små trebitar, og så pyntar eg smykka med perler av leire. Perlene lagar eg sjølv, fortel ho.

Eloann bruker helst dagane på å leike med vener. 

– Eg likar best å leika sverdkamp. Og å skyta med pil og boge.

– Me prøver å visa kvardagslivet som var i Skandinavia for tusen år sidan. Her treff me mange folk med like interesser, fortel mamma Marie.

Okseblod og vikinggudar

Og med til vikinglivet høyrer også blot til. 

BUTIKK: I vikingbyen har Brynhild laga til ein butikk der ho sel smykke. Foto: Privat

Då samlast alle i byen som vil vera med, og så tar me okseblod på trefigurar av vikinggudane. Me må ofra noko, for å få rikdom, gode avlingar, fint vêr og ei trygg reise, fortel Brynhild. 

– Ja, då går me på rad og rekkje med trommer. Smeden vår leiar blotet, og høvdingen sit på eit høvdingsete. Me skålar og ropar «Odin», fortel pappa Fjallarr. 

– Etterpå har me fest og et god mat, fortel mamma Marie.