Perfekt om angst

I boka «Perfekt» møter me Pia (13) som har ein hemmelegheit. Utan at nokon rundt henne veit det, strevar ho med panikkangst det første halvåret på ungdomsskulen. 

Kva er angst?
  • Angst er ubehageleg, men ikkje farleg i seg sjølv.
  • Det finst forskjellige typar angst, men felles for alle typar er ei sterk kjensle av frykt eller sterkt ubehag.
  • Angst kan vera eit teikn på at ein har levd med for mykje stress og belastningar over lang tid.
  • Du kan bli kvitt angsten eller læra å handtera den betre, med rett behandling og ved hjelp av eigen innsats.
  • Snakk med nokon du er trygg på, slik at du kan få god hjelp.
  • Eit panikkanfall er ei intens kjensle av frykt for at det vil skje noko forferdeleg, og med eit sterkt kroppsleg ubehag. Hovudproblemet for dei med panikkangst er at dei heile tida fryktar eit kommande panikkanfall.

(Kjelde: Mental Helse Ungdom)

LES FAKTALUKK FAKTA
Illustrasjon: Colourbox, Kollasj: Framtida Junior

Pia har nett starta på ungdomsskulen saman med venninna Nathalie. Jentene kjenner seg ikkje som verdas kulaste, men det bestemmer dei seg for endra på. For at dei skal bli ein av dei kule, finn Nathalie ut at dei skal slanka seg før juleballet.

– Ho set i gong ein drastisk slankekur og dreg med seg Pia på planen. Men, Pia er ikkje så entusiastisk. Ho har nemleg eit litt større problem. Eit problem ho ikkje har fortalt nokon om, fortel forfattar Ingunn Røyset.

HJELP Å FÅ: Ut ifrå egne erfaringar veit Ingunn at det ikkje berre er vaksne og unge som slit med psykiske problem i stille, men også barn. – Eg håpar at alle som les boka sit att med ei kjensle av at angst er normalt. Mange har det slik, og det er god hjelp å få, seier ho.
Bokomslag: Vigmostad Bjørke

Panikkangst

Pia ligg nemleg i senga ein kveld og ser på Netflix. Plutseleg blir ho livredd og tenkjer på alt det fæle som kan skje i verda. Ho kjenner ei ekstrem frykt som fossar gjennom kroppen.

– Pia googlar seg fram til at følelsen vert kalla panikkangst. Ho finn råd på nettet. Fem tips om korleis ein kan overvinna frykt. Eit av tipsa er at ho skal tenkja at ho ligg på ein stein i elva der ho lar frykta bli med straumen nedover elva. Når Pia prøver ut det rådet i ei ekte elv, held det på å bli katastrofe. Men så skjer det noko som gjer at Pia får hjelp frå heilt uventa hald, fortel Ingunn.

 

Finst god hjelp

Ut ifrå egne erfaringar veit Ingunn at det ikkje berre er vaksne og unge som slit med psykiske problem i stille, men også barn.

– Eg håpar at alle som les boka sit att med ei kjensle av at angst er normalt. Mange har det slik, og det er god hjelp å få, seier ho.

Ingunn meiner det er viktig å fortelja andre om angsten.

VIKTIG BOK: Forfattar Ingunn Røyset skriv om Pia (13) som strevar med panikkangst i boka «Perfekt». Foto: Svein Olav Humberset

– Fordi det er godt å dele det som er vanskeleg med nokon. Og fordi ein kan få hjelp til å finne metodar for å roa ned kroppen. Kroppen blir nemleg stressa dersom du går og er redd eller veldig lei deg over lang tid, forklarer ho.

– Då kan kroppen seia frå til deg på ein måte som kallast panikkangst. Nervesystemet i kroppen din går rett og slett i alarmmodus. Det kan vera fordi du opplever mobbing, eller sjukdom eller dødsfall hos nokon som står deg nær, eller andre ting som gjer at du kjenner deg veldig utrygg. Panikkangst er skummelt og fælt, men det er ein viktig beskjed du får, om at du og kroppen din treng litt ekstra trøyst og tryggleik. Hugs at angsten ikkje er farleg og at han alltid går over, seier Ingunn.