Jente (13): – Eg har angst og mykje erfaring med følelsen

Eg har angst og mykje erfaring med den følelsen. Viss du også får det, er det viktig at du veit at det er heilt normalt, skriv Jente (13). Les lesarbrevet hennar her:

Treng du nokon å snakke med etter å ha lese denne teksten?

Opplever du angst/frykt med uvanleg styrke og varigheit, er det nødvendig å søka hjelp. Då er det viktig å snakke med nokon. Ein vaksen du stolar på – til dømes ein lærar, helsesjukepleiar, foreldra dine eller nokon andre. Du kan også ringa alarmtelefonen for barn og unge på telefon: 116 111.

LES FAKTALUKK FAKTA

Angst er noko som er viktig å snakka med barn og unge om. Fordi det er viktig at unge veit kva dei skal gjera viss dei kjenner på angst eller får angstanfall.

Angst er noko som skjer med deg som får deg til å føla deg rar. Det gir ei redd kjensle. Det kan gjere at du tenkjer mykje negativt.

Dersom du har eit angstanfall kan det følast som om du skal døy eller besvima. Nokon føler at dei ikkje får pusta når dei har eit angstanfall.

Viss det skjer, er det lurt å seia ifrå til nokon du kan snakka med. Snakk med nokon du stolar på. Ein ven, ein lærar eller ein helsesjukepleiar.

Eg har angst og mykje erfaring med den følelsen. Viss du også får det, er det viktig at du veit at det er heilt normalt. Mange unge har angst, og det kjem til å gå bra.

Pust inn og pust ut.