1 av 5 barn og unge får ei angstliding i løpet av oppveksten

Alle opplever frykt. Det er heilt normalt og ein reaksjon i kroppen me menneske treng for å ikkje hamna i farlege situasjonar. Men, viss du er veldig redd, utan at det er ein grunn til å vera redd, kallar me det angst.

Treng du nokon å snakke med?

Opplever du angst/frykt med uvanleg styrke og varigheit, er det nødvendig å søka hjelp. Då er det viktig å snakke med nokon. Ein vaksen du stolar på – til dømes ein lærar, helsesjukepleiar, foreldra dine eller nokon andre. Du kan også ringa alarmtelefonen for barn og unge på telefon: 116 111.

LES FAKTALUKK FAKTA

Ulike former for angst hjå barn og unge er vanlege og forbigåande, og dei vil normalt ikkje krevja behandling. Men, opplever du angst og frykt med uvanleg styrke og varigheit, er det naudsynt å søka hjelp.

Dette er dei vanlegaste typane angst:

Separasjonsangst

Nokon opplever angst fordi dei er redde for å bli skilt frå foreldra. Det blir kalla separasjonsangst, og er ei kjensle som kjem viss ein synest det er veldig vanskeleg å vera vekke frå mor eller far. Mange barn og unge opplever kroppslege symptom. Det betyr at ein kjenner at kroppen reagerer – med til dømes kvalme eller vondt ein plass i kroppen. Alle reagerer forskjellig. Nokre blir sinte og frustrerte, medan andre blir stille og veldig trøytte. Nokre blir triste, nokre blir redde.

Sosial angst

Ein annan type angst er sosial angst – som er når nokon blir redd der dei skal møta andre menneske. Dei som har sosial angst går rundt med ei gnagande uro, ei kjensle av at noko forferdeleg kan skje. Mange prøver difor å unngå å møta andre.

Panikkangst

Nokon får angst som kjem i anfall. Det blir kalla panikkangst. Panikkangst kjem som ein plutseleg følelse av frykt, ofte saman med hjartebank, svimmelheit, skjelving, sveitting, kvalme, pustevanskar – eller ei kjensle av at alt er uverkeleg. Panikkangst blir gjerne følgd av hjartebank, svetting, skjelving, munntørrhet, pustevansker og redsel for å døy.

Generell angst

Når ein har generell angst er ein så engsteleg at frykta hemmar i dei fleste situasjonar. Ei slik liding blir ofte følgd av kroppslege symptom som hovudverk og magesmerter. Mange får også problem med å sovna om kvelden.

Fobiar

Viss ein har ein fobi, har ein intens angst for spesielle objekt eller situasjonar. Viss ein er redd for noko, vil ein freista å unngå situasjonar der angsten kan provoserast fram. Til dømes kan fobi for hundar føra til at ein ikkje går ut, men isolerer seg heima der ein føler seg trygg.

Viss du kjenner deg att i noko av dette, er det lurt å snakka med nokon. Mange blir kvitt angst raskt viss dei får hjelp. Det er også fint å vita at dette er heilt normale kjensler, og at det går over. Du er ikkje åleine om å ha det slik.