Slik får du Lesedigg på nettsidene til biblioteket og skulebiblioteket

Det er enkelt å få heile Lesedigg eller delar av innhaldet automatisk inn på nettsidene dykkar.

Me har laga ein såkalla iframe-generator der du kan velja kva innhald frå Lesedigg som du har lyst til å få automatisk inn på nettsidene dine.

1. Dersom du vel “Heile Lesedigg”, så kan du inkludera bokomtalar, bokmeldingar, forfattarintervju, aktivitetar og siste nytt frå Framtida Junior på nettsidene dine.

Trykk «Lag kode for ramme» for å få html-koden du treng for å legga Lesedigg inn på nettsida di. Breidde og høgde justerer du sjølv etter ønskje.

2. Dersom du vel «Siste bøker frå tema», så kan du visa fram dei siste bøkene frå eit ønskeleg tema. Då kan du velja kor mange kolonner og rader du vil visa bøkene i.

Trykk «Lag kode for ramme» for å få html-koden du treng for å legga Lesedigg inn på nettsida di. Breidde og høgde justerer du sjølv etter ønskje.

3. Dersom du vel «All Lesedigg», så kan du visa fram dei siste bokomtalane eller bokmeldingar frå Lesedigg. Då kan du velja kor mange kolonner og rader du vil visa bøkene i.

Trykk «Lag kode for ramme» for å få html-koden du treng for å legga Lesedigg inn på nettsida di. Breidde og høgde justerer du sjølv etter ønskje.

 

Har du spørsmål eller tilbakemeldingar? Ta kontakt med redaktør Svein Olav B. Langåker på svein @ framtida.no eller ring 948 75 365!