Har skrive klimateikneserie: – Me vil gi unge menneske ei framtid

Arild Midthun og Bjørn Samset håpar «Embla» kan gi unge tru på det neste kapittelet til menneska. Dei vil rettleia utan å ta vekk alvoret – men heller ikkje overdriva det.

Illustrasjon: Colourbox, Kollasj: Framtida Junior

– Eg håpar me har greidd å fortelja ei historie som er annleis enn dei me forskarar vanlegvis fortel. Me har ein tendens til å komma med dyster, teknisk og lite relevant informasjon. Riktig og inspirerande informasjon er det rette for dei unge som faktisk skal leva med klimaendringane, seier forskar Bjørn Samset.

Saman med Arild Midthun, som er mest kjent for å vera den einaste norske Donald-teiknaren, er han no aktuell med teikneserien om «Embla». Arild fortel at han har hatt ho i tankane over lengre tid.

– Eg pleier å seia at hovudpersonen vår var Greta Thunberg før ho eksisterte. No er det nesten litt slik at me må gå til sak, fordi ho har stole historia vår, seier han og humrar. 

Korleis blir framtida? Embla går frå å leva i ei trygg verd med sosiale medium og mote, til å møte motstand og utfordringar som tvingar ho til å ta eit val. Det same valet må også me ta: Korleis vil me eigentleg at framtida skal bli? Illustrasjon: Cappelen Damm

Influenceren kan påverka positivt

For å unngå at hovudpersonen vart for lik den svenske miljøaktivisten, jobbar Embla som påverkar, som reiser verda rundt for å shoppa. Ho representerer slik sett eit glansbilde som mange unge ser opp til.

– Ho er ikkje nokon skurk, og veit at ho burde gjera noko for å bidra. Men så tenkjer ho at ho er lita i ei stor verd. Det er alltid «nokon andre som kan fiksa». Forskjellen er at Embla har millionar av følgjarar. Det er mogleg for ho å påverka positivt, seier Arild.

– Alle forventar meir, meir, meir!

Dei fortel at den viktigaste lærdomen dei kan gi, er at me alle må bli meir klar over korleis verda fungerer, og kva avgrensingar me kjem til å ha.

– Forventar du at livet skal handla om hus, hytte og årlege turar til Thailand, kjem du til å bli skuffa. Men forventar du ein trygg kvardag med tilgang til familie, vener, mat, spennande teknologi, jobb og så vidare, er det heilt innanfor, seier Bjørn.

Framspark: Bjørn og Arild illustrerer hovudpersonen for tre alternative framtider i boka. Desse er heilt i tråd med det FN ser for seg. – Det er ikkje dei vaksne som skal «gi» dei unge framtida, men dette er eit framspark. Me illustrerer dei reelle moglegheitene som ligg fram i tid, og så er det opp til dei unge å velja kva framtid dei vil ha, seier Bjørn. Foto: Maria Kleppe Vihovde / Cappelen Damm

Har tru på framtida

Forskaren fortel at han er sikker på at framtida blir bra. Menneska vil ta tilbake naturen, og setja meir pris på dei små tinga i livet.

– Me kjem til å verdsetja alt på ein heilt anna måte, fordi me veit at naturen er grunnlaget for heile velstanden vår. All energi og alle råstoff kjem til å bli nytta, og me kjem ikkje til å kasta noko som helst, seier han før Arild legg til:

– Eg trur folk vil forstå at når dei forbruker, så er det det aller mest kostbare ein gjer. Slik me driv på med bilar og fly i dag, er jo heilt sjukt. Dei komande generasjonane kjem aldri til å tilgi oss for overforbruket vårt.