33 kjekke tips til sommaraktivitetar

Vi har samla 33 aktivitetar du kan finne på i sommar!

  • Bade i sjøen
  • Bade i vasspreiaren
  • Samle skjel på stranda
  • Samle runde steinar du kan male blomar eller marihøner på.
  • Foto: Pixabay

    Fiske: Som ein del av allemannsretten fiskar alle barn under 16 år gratis i alle ferskvatn i Noreg. Det gjeld ikkje for elver der det kan fangast sjøaure, laks og sjørøye. Der det er fiskekort til salgs, skal barn få desse gratis. Både store og små kan fiske gratis i sjøen.

  • Lage blomekrans av marblomar
  • Besøk biblioteket
  • Meld deg på årets Sommarles (sjå sommarles.no)
  • MEIR INFORMASJON: Søk «geocaching» på framtidajunior.no for å lese om Emil (7) som fortel meir om kva aktivitet han likar å drive med. Foto: Janne Nerheim

    Sekkelaup

  • Hoppe tau
  • Eggelaup
  • Tikken
  • Klatre i tre 
  • Grille pølser
  • Geocaching: Denne aktiviteten handlar om å finne skattar folk har lagt ut i naturen. I staden for å bruke kart og kompass bruker du ein app på smarttelefonen som viser kor du skal gå. Les om Emil (7) som fortel meir om kva dette er.
  • Pokemonjakt
  • Gøymsel
  • Papirfly-race
  • Fange krabbar på stranda
  • Foto: DNT.no

    Naturbingo: Du kan laste ned denne naturbingoen på DNT si heimeside – berre søk «naturbingo» i søkefeltet. Eller du kan lage din eigen som foreldra dine skal finne på turen, eller spørje om dei kan lage ein til deg.

  • Lag teater du kan framføre i hagen
  • Telttur 
  • Bygg trehytte
  • Finn og tørk blomar
  • Besøk alle leikeplassane i område du bur i
  • Piknikk 
  • Lag og fly ein drage
  • Teikn med kritt på asfalten
  • Leik i sommarregnet
  • Sykkeltur
  • Sov under open himmel
  • Barkebåt-race