Emil (7) legg ut «skattar» i naturen 

Er du på skogstur og finn ein lurebæsj med ein boks limt fast under, er det nok Emil som har lagt den der. Han driv nemleg med geocaching. Men kva i all verda er det?

Slik leitar du etter ein tradisjonell cache:
  • Søk fram ein cache i appen.
  • Sjå på kartet, og finn staden den er gøymd.
  • Leit etter ein behaldar med ei loggbok i.
  • Ikkje lag spor i naturen. Leit med augene.
  • Nokre cacher er lette å finne, andre er vanskelege. I appen er det stjerner som viser kor vanskeleg det er. Jo fleire stjerner, jo vanskelegare er det å finne fram.
  • Signerer loggen du finn.
  • Viss det er bytteting i cachen, kan du bytte med ting du har med. Då legg ein alltid ein finare ting att enn den ein tek med seg. Ikkje legg ting ein kan spise i cachen.
  • Lukk behaldaren, og legg han fint tilbake på nøyaktig same stad.
LES FAKTALUKK FAKTA

Over heile planeten er det folk som driv med geocahing. Det handlar om å finne «skattar» folk har lagt ut over heile verda. I staden for å bruke kart og kompass bruker dei ein app på smarttelefonen som viser kor dei skal gå.

FUGLEKASSE: – Her har vi laga ein fuglekasse utan hol. Du opnar taket på boksen, så ligg det ein plastboks i den med loggbok, fortel Tone. Foto: Privat

– Du leitar etter punkt i naturen som blir kalla «cacher». På norsk seier vi «kæsj», fortel Tone. Ho er mamma til Emil Esser Kaldestad. 

Legg ut «skattar»

Emil og Tone både både leitar etter og legg ut cacher. Denne sommaren la dei ut ein i Skånevik. Ein boks med ei loggbok og nokre små leiker i. 

– Når folk finn boksen, skriv dei i loggboka. Dei kan også ha med seg ei leike dei vil legge i boksen, og byte med ein som allereie ligg der, seier Emil. 

Det er ofte eit viskelær, eit klistremerke, eller noko anna som passar i boksen.

– Nokon legg pengar i boksen. Ein gong fann eg sju kroner, fortel Emil. 

LUREBÆSJ: Emil og Tone likar å få folk til å le. Her har dei lagt ein boks med ein bæsj over. Loggen ligg i boksen under bæsjen. Foto: Privat

– Ja, det har hendt at vi ikkje har hatt leiker med på tur, så då legg vi att litt myntar i staden fortel Tone.

– Eg likar ekstra godt å finne pengar, ler Emil. 

Ikkje alltid så enkelt

Emil og Tone har drive med geocaching i 5 år. Nokre cacher er vanskeleg å finne, andre er enkle. Emil hugser veldig mange detaljar frå turane dei har vore på. 

– Av og til må vi leite ganske lenge. Det er vanskelig viss cachen ligg gøymd i ei stor skog. Og viss boksen er veldig liten, er det ikkje alltid så lett, fortel Emil.

 

Kvar finn du cacher?

Det er stor sjanse for at det ligg ein rundt der du bur. Skal familien ut på køyretur kan det vera gøy å leite etter cacher på vegen!

Kva utstyr treng du?

Smarttelefon med GPS pluss ein blyant eller penn du kan skrive namnet ditt i loggbøkene med. Det er gratis å drive med geocaching.

Korleis skriv du logg?

Når du finn ein cache, skriv du i loggboka i boksen du finn, pluss at du skriv ein kommentar i appen. Då får den som har lagt ut cachen beskjed om at nokon har funne den. 

HODESKALLE: – Vi laga eit hol under hodeskallen, der vi la eit plastrøyr med logg inni. Foto: Privat

Kven plasserer ut cacher?

Dei er plassert ut av andre som driv med geocaching. Det blir som ei gåve frå ein geocacher til alle andre geocacherar.

Finst det ulike typar cacher?

Ja. Her er nokre døme på ulike cacher:

«Traditional-cache» (tradisjonell cache) som består av ein fysisk boks med loggbok i.

«Mystery-cache» og «puzzle cache» er cacher der du må løyse ei oppgåve for å få vite GPS-koordinatane som viser kvar cachen er gøymd. 

«Event-cache» (hendelse-cache) er eit treff for geocacherar.

SLANGE: Denne cachen har Tone og Emil laga. Dei skar opp buken på slangen, og putta inn eit plastrøyr der loggen ligg. Foto: Privat

«Earth-cache» er ein virtuell cache der du går til staden appen viser deg utan å finne ein fysisk boks. Du må svare på spørsmål som handlar om naturen for å vise at du har vore der, og skrive i loggen på appen.

«CITO-event cache» er eit treff der oppgåva er å rydde søppel. Av og til blir det også planta tre og planter. 

Kven passar geocaching for?

Geocaching passar for alle. Det finst også cacher for dei som har rullestol, så det er inga hindring.