Her skjer verdas raskaste oppvarming

Ingen plassar i verda går oppvarminga raskare enn på Svalbard. Berre dei siste 20 åra, har temperaturen nordaust på Svalbard auka med over fem grader.

– Regionen rundt det nordlege Barentshavet har ei oppvarming som er 2 til 2,5 gonger høgare enn snittet i Arktis, og heile 5 til 7 gangar høgare det globale gjennomsnittet, seier Ketil Isaksen i ei pressemelding.

Han jobbar som klimaforskar ved Meteorologisk institutt og er hovudforfattar av ein ny studie som nyleg vart publisert i tidsskriftet Scientific Reports.

Saman med ei rekkje andre forskarar, har han ved å ta i bruk nye vêrstasjonar og måtar å måla på, funne ut at oppvarminga på Svalbard varierer stort. I nord og i aust er oppvarminga dobbelt så stor som den er i vest. 

Soleklar toppnotering på kloden

Målingane viser at den norske øya tek ein soleklar toppnotering når det gjelder observerte temperaturendringar. Ingen andre plassar på kloden kan måla seg med dei dystre tala, kan forskarane slå fast. 

Men kva er eigentleg grunnen til at temperaturen stig såpass på Svalbard? Jo, det er det den smelta havisen som får skulda for.

Isen har nemleg tidlegare lege som eit kjølande teppe over heile Barentshavet, og når den forsvinner, så stig lufttemperaturen kraftig.