Malin og Øyvor har sett klimaendringane med eigne auge: – Me har lært ting me eigentleg ikkje vil vita

Det har gått eit heilt år sidan Malin Kvaal Bergland (15) og Øyvor Johanne Gjerde (15) vart plukka ut til å bli polarrekruttar hjå Polarinstituttet i Tromsø. Det har vore eit år dei ikkje ville ha vore forutan.

– Det har vore eit veldig innhaldsrik år. Me har lært masse om klima, plast og om Svalbard. Forskarane har vore gode til å formidla og læra frå seg, og eg er blitt kjend med så mykje kjekke folk, seier Øyvor Johanne Gjerde.

Malin Kvaal Bergland er enig.

– Heilt sidan starten har me blitt veldig godt følgt opp og tatt vare på, seier ho.

Dei to 15-åringane vann ein konkurranse om å følgja arbeidet til forskarar ved Norsk Polarinstitutt i fjor vår. Premien, som eigentleg skulle vera eit tokt på to veker, vart utvida til eit prosjekt som no har vart i eit heilt år.

Les også: Øyvor og Malin er polarrekruttar: – Det er ganske sjukt eigentleg

Framtidige forskarar?: Både Malin og Øyvor fortel at opplevingane deira frå Svalbard har gjort at dei har opna augene for å jobba innan forsking når dei skal velja utdanning. Øyvor fortel at det ho ser for seg at ho kunne ha jobba med, er sediment (havbotn) eller dyr. – Eg har faktisk sediment frå 300 meters djup som eg har tatt med meg frå Svalbard. Det brukar eg til å måla med, seier ho.

Toppen av isfjellet

I løpet av året har dei vore tre gonger på Svalbard. Der har dei fått sjå korleis klimaendringane og plastforureining påverkar både naturen og dyra. Turane har gjort stort inntrykk på dei.

– Å sjå klimaendringane med eigne auge, er noko heilt anna enn å lesa om dei, seier Malin.

– Det me har lært om klimaedringane på skulen, er berre toppen av isfjellet. Me har lært ting me eigentleg ikkje vil vita, sier Øyvor.

Jentene nemner at dei har lært at klimaendringane kan vera bra for nokre artar, men dårleg for andre.

– Når det blir varmare, auker talet på ryper på Svalbard. Blir det enda varmare, vil det bli så mange at det vil gå ut over dei som bur der no og allereie slit med å finna mat, seier Øyvor.

Spennande dyreliv: Jentene har eigentleg har sett alle dyra som bur på Svalbard, men likevel er det nokre av dei som har gjort litt større inntrykk. – Me såg isbjørn første dagen me var der. Me såg han i kikkert frå trygg avstand. Når me var på tokt såg me blåkval og ein flokk med kvalross, seier dei.

90 prosent har plast i magen

Kombinasjonen av at det blit mindre mat og og meir plastforureining, forvirrar enkelte artar. Øyvor fortel om havhesten, som er ein av dei vanlegaste fugleartane på Svalbard

– Me fekk vera med på å opna magen til ein død havhest. Den hadde svolte i hel, fordi den hadde heile magen full av plast. Forskarane har også funne plast i magen til babyar, noko som betyr at mammaen fôrar dei med plast.

Korleis plasten forureinar, gir sterke inntrykk. Dei fortel at dei har funne plast frå heile verda.

– Me tenkjer at Svalbard ligger langt vekke frå sivilisasjonen. Når det er så mykje plast der oppe, kan me tenkja oss for mykje det er her.