Elon Musk truar med å droppa å kjøpa Twitter

Elon Musk skuldar Twitter for å halda tilbake informasjon om kor mange falske Twitter-kontoar som finst.

Advokatane hans skriv i eit brev at Musk fleire gonger har bedt om å få vita kor mange av Twitter sine 229 millionar kontoar som er falske. Viss ikkje Twitter kjem med informasjonen, er det eit brot på avtalen mellom Musk og Twitter – så då kan han droppa å kjøpa den populære meldingstenesta, skriv NRK.

GIF: Giphy.com

Twitter-sjefen Parag Agrawal seier at selskapet i lengre tid har meint at mindre enn 5 prosent av kontoane er falske.

Men Musk er svært opptatt av å få vita nøyaktig kor mange det er snakk om. Det er nemleg mange som gir seg ut for å vera Musk når dei driv med krypto-bedrageri.