Denne vesle trebåten har reist frå Nordpolen til Noreg

Nesten to år etter at dei små trebåtane vart sett ut på isen i Arktis, er ein av dei no funnen. Og det var ikkje kvar som helst.

Float Your Boat:
  • Eit formidlingsprosjekt ved Nansensenteret i samarbeid med VilVite. Målet er å fremma kunnskap og interesse om Arktis og forsking, i tillegg til å gi skuleelevar betre forståing for det arktiske miljøet og klimaendringar.
  • Prosjektet er støtta av Noregs forskingsråd og bygger på eit tilsvarande konsept frå USA.
  • Båtane er sett ut i tre omgangar: I september 2020 (Barentshavet), i Oktober 2020 (Beauforthavet) og i september 2021 (Nordpolen).
LES FAKTALUKK FAKTA

For to år sidan starta Nansensenteret eit spennande formidlingsprosjekt, som fekk namnet «Float Your Boat».

Skuleelevar i både USA og Noreg bidrog til arktisk klimaforsking, då dei var med på å laga og dekorera 400 små trebåtar.

Fleire av medlemmane i Klimaklubben på Landås i Bergen, var av dei heldige som fekk dekorera sine egne båtar i september i fjor. Elevane var svært nysgjerrige på kvar båtane kom til å enda opp, og New Zealand vart då nemnd som eit alternativ.

Sjølv om ikkje deira båtar er dukka opp enno, lever dei i håpet om at det ein dag vil skje. 

– Me lurer på kvar våre båtar er. Me har framleis trua, og håpar at ein av våre båtar vil enda opp i New Zealand, skriv Klimaklubben på e-post til Framtida Junior.

Dronebilde frå utsetjing av båtane i Arktis 2020. Båten som vart funnen, ligg ein eller annan stad der. Foto: Tom Rune Lauknes/NORCE

Utstyrt med sendar

Etter at trebåtane hadde fått seg eit strøk måling, vart dei frakta langt inn i Polhavet.

På tre ulike tidspunkt vart dei plassert i Barentshavet, Beauforthavet og ved Nordpolen. Båtane vart kopla saman med ein sendar som fortel forskarane kor fort isen rører på seg, og kor fort den smeltar.

Nokon av trebåtane som vart dekorerte av elevar ved Pacific Science Center i Seattle, USA i 2020. Båten nesten på toppen til venstre (grøn ramme og omvendt 40 i grønt), er båten som vart funnen på Arnøya. Foto: Dave Forcucci

Og no – to år etter at dei første båtane vart frakta inn til isen, er den første båten funnen! Og det er ikkje kvar som helst den dukka opp – for den var nemleg funnen i Noreg, skriv Nansensentetet i ei pressemelding.

Frå Arktis til Noreg på to år

Nærare bestemt kom den i land ved Sør-Rekvik på Arnøya i Nord-Noreg. Guro Kvåle Fredriksen (25) fann trebåten medan ho var på tur i fjæra saman med kjærasten og pappaen sin.

– Det har tidlegare komme i land ein del ting der, og då eg såg at det var ein båt, tok eg han opp og lurte på kva det var, seier ho på telefon til Framtida Junior.

Guro Kvåle Fredriksen (25) fann trebåten på Arnøya i Nord-Noreg. Foto: Privat

Då ho undersøkte han nærare, kunne ho sjå at båten var brennemerka med logoen til «Float your boat». Det pirra nysgjerrigheita hennar, og ho bestemte seg for å sjekka ut nettstaden nærare.

– Har segla veldig langt

– Eg fann ut at eg kunne rapportera funnet. Eg bestemte meg for å gjera det, men i og med at eg ikkje kjente til prosjektet, var eg usikker på om han var veldig gamal.

Det var han ikkje, og Guro vart overraska då ho fekk ein telefon frå Nansensenteret berre ein time etterpå. Dei kunne fortelja ho om prosjektet, som ho synest er veldig spennande.

– Båten har segla veldig langt. Og så er det litt ekstra spesielt for meg, med tanke på tilknytinga min til plassen der han kom i land. Arnøya er ein veldig liten plass i Nord-Noreg, seier ho.

Forskarane har rekna seg fram til at akkurat denne båten er blitt dekorert av ein av elevane ved Pacific Science Center i Seattle (USA) i 2020. Han var ein av totalt 400 båtar som vart plassert fleire hundre kilometer inne i havisen nord for Svalbard i august 2020.

Trebåtane vart sett ut i Arktis i september 2020, i løpet av eit forskingstokt om bord isbrytaren KV Svalbard. Foto: Espen Storheim/NERSC

Neste generasjon polarforskarar?

Forskarar og prosjektleiar Kjetil Lygre, seier at trebåtane kan gi oss eit meir fullstendig bilde av korleis straumen opererer i dei nordlege havområda.

– Det viktigaste er likevel dialogen med skuleelevane og andre, då dei ofte kjem med gode spørsmål som me ikkje hadde tenkt på. Det er jo spørsmål som driv forskinga framover. Slik skapar me også interesse for fagfeltet, og dermed også kanskje den neste generasjon polarforskarar.

No spørst det om nokre av dei andre båtane også vil dukka opp på land. Nansensenteret nemner Svalbard, Grønland, Island, Irland, Storbritannia, USA, eller Canada som moglege endestasjonar for båtane.