Budde ute i ti år – no lever dei sitt beste inneliv

Eigaren deira har aldri angra på at Cilantro og Møhlenpris vart sambuarane hennar.

Heilt frå dei var kattungar til dei vart henta inn av Dyrebeskyttelsen for nokre år sidan, budde dei to kattane utandørs.

– Dei frivillege på Dyrebeskyttelsen gret av glede då eg adopterte kattane. Dei var så letta over at kattane endeleg skulle få seg ein heim, seier eigaren.

Ho fortel at det er vanskeleg for Dyrebeskyttelsen å adoptere vekk vaksne kattar. Mange som ynskjer seg katt, vil først og fremst ha ein kattunge.

Cilantro og Møhlenpris var 10 år gamle då dei vart adoptert, no er dei 12 år.

Cilantro har fått namnet sitt frå favoritt-krydderet til eigaren, nemleg koriander. Cilantro er det engelske ordet for krydderet. Foto: Privat.

Sette opp kamera

Det gjekk lang tid før kattane slo seg til ro i sin nye heim, og var for det meste under sofaen då ho var i leiligheten.

– Begge gøymde seg i starten. Det tok fleire månader før eg fekk ta på Møhlenpris, seier eigaren som fortel at ho var bekymra for om dei kom til å føla seg heime eller ikkje.

Difor gjorde ho noko lurt. Ho sette opp eit kamera som filma kva kattane gjorde på når ho var på jobb.

– På kameraet kunne eg sjå at dei leika, vaska kvarandre og hadde det fint. Så då tenkte eg at “okei, det går fint med dei”.

Pensjonert frå livet ute

Møhlenpris var den av kattane som var mest redd då dei flytta inn i sin nye heim. – Venninna mi meinte ho burde heite Møhlenpris, fordi det var her ho skulle bli trygg. Derfor fekk ho det namnet, seier eigaren. Foto: Privat

No har dei to gamle damene, som eigaren kallar dei, eit godt liv inne. Dyrebeskyttelsen ville at dei skulle vere innekattar. Det verkar det som dei likar godt.

– Dei har hatt eit så tøft uteliv, at Dyrebeskyttelsen ville at dei skulle “pensjonere” seg. Det var det rette, seier eigaren.

Når ho kjem heim frå jobb no, rundar både Møhlenpris og Cilantro svingen ut i gangen for å helsa på.

– Dei er nett som hundar. Veldig nysgjerrige og rett og slett artige gamle damer, seier ho.

Eigaren har aldri angra på at ho fekk seg to nye sambuarar.

– Det er kjekt å alltid ha selskap, og eg vil absolutt anbefala å adoptera eldre kattar. Med rett hjelp og med god oppfølging kan alle kattar få eit godt liv, seier ho.