Dyrkar tare for å redda klimaet

Sintef dyrkar tare i havet for å redda klimaet. Forskarane håpar dette skal bli ein viktig del av klimaløysinga i framtida.

Ute i havet mellom Hitra og Frøya, på kysten av Trøndelag, er forskarane i full gang med eit stort arbeid som dei håper skal vera med på å løysa klimakrisa.

– Me dyrkar fram store mengder med tare, og omarbeider han sånn at ikkje karbon slepp ut i atmosfæren. Dermed er den med på å fjerna CO₂, seier seniorforskar Jorunn Skjermo til NRK.

Ho jobbar ved det norske forskingsinstituttet SINTEF.

1000 kvadratkilometer

Tareproduksjon i havet kan altså bli eit viktig klimatiltak i framtida.

I Trøndelag blir det sloppe ut rundt 2,9 millionar tonn CO₂ årleg. For å ta opp heile dette utsleppet, har SINTEF komme fram til at det må dyrkast tare i eit område på rundt 1000 kvadratkilometer.

GIF: Giphy.com