«Verdas største fest» kunne endeleg gjennomførast

Endeleg kunne karneval, eller «verdas største show» som det også vert kalla, gjennomførast for første gong sidan koronapandemien var eit faktum.

– Karnevalet er det mest brasilianske som finst. Det er måten me ser verda på. Me brasilianarar vurderer verda gjennom karnevalets briller. Det gir oss eit høve til å le, leika, festa, minnast og å vera kritisk. Alt er mogleg, seier Milton Cunha til NRK.

Han er ekspert på karneval for Brasils største TV-stasjon, som heiter «O Globo».

I år blir karnevalet i Rio de Janeiro, Brasil, arrangert frå 23.–30. april. Og sjølv om feiringa ikkje er heilt ferdig enda, har det allereie vore meir enn 50.000 dansarar på Rio de Janeiros sambastadion.

Ein utøvar frå «Mocidade samba-skuleparadar» under karnevalsfeiringa på Sambadrome i Rio de Janeiro, Brasil, søndag 24. april 2022. Foto: AP Photo/Silvia Izquierdo

Det er utøvarar ved dei ulike sambaskulane i Rio, som får delta på «Verdas største fest». Før sjølve karnevalet, brukar deltakarane månader på å førebu seg.

Hardt råka av pandemien

Dansarane har fått oppleva å vera ein del av det første karnevalet i Brasil på meir enn to år. NRK skriv at den store deltakinga er eit godt teikn på at Brasil endeleg er på veg ut av pandemien.

Det søramerikanske landet har vore eit av landa i verda som har vore hardast råka av viruset. I juni 2020 var det ingen andre land i verda som hadde like mange daglege dødsfall som følgje av koronaviruset.

Utøvarar frå «the Unidos då Tijuca samba school parade» under karnevalsfeiringa på Sambadrome i Rio de Janeiro, Brasil, søndag 24. april 2022. Foto: AP Photo/Silvia Izquierdo

I overkant av 30 millionar har blitt smitta av koronaviruset i Brasil, og 660.000 av desse har døydd av eller med viruset i kroppen. Det viser tal frå styresmaktene i Brasil.

– Me har alle mista ein ven

Og nettopp pandemien gjer årets karneval til eit annleis karneval. Eit karneval med meir tårer, både for dei som har gått bort og for dei som greidde seg.

– Me som overlevde pandemien feirar. Men me gjer det for å æra dei som har forlate oss. For me har alle mista ein ven, ein slektning eller ein kjenning i pandemien, seier Milton Cunha.

Ein utøvar frå «Vila Isabel samba school parades» under karnevalsfeiringa på Sambadrome i Rio de Janeiro, Brasil, søndag 24. april 2022. Foto: AP Photo/Bruna Prado