Sjå bileta frå verdas flottaste karnevalfeiringar

Slik blir tida før faste feira rundt om i verda.

Denne veka er det 40 dagar til påske, ei tid mange rundt om i verda markerer ved å faste. Men før ein går inn i fastetida, er det også tradisjon for ei skikkeleg feiring – karneval.

Fjør og dans

Kan nokon slå brasilianske Rio de Janeiro i paradar – og bruk av fjør? Tvilsamt.

Tysdag 21. februar 2023 dansa medlemar frå Viradouro samba skule i ein eigen parade i Rio de Janeiro. | Foto: AP Photo/Bruna Prado

Her viser ein sambaskule seg fram i gatene med både dans og kostyme.

Karneval kan strekke seg ut i tid. Her frå ei gatefeiring sundag 4. februar i år i Rio de Janeiro. | Foto: AP Photo/Silvia Izquierdo

Alle kan delta i dei store gatefeiringane i Brasil.

Masker og mystikk

Venezia i Italia kan briljere med masker. Karnevalfeiringa deira har eit historisk sus over seg, spesielt i år, sidan dei markerer at det er 700 år sidan ein av deira mest kjente innbyggjarar, Marco Polo, døydde.

Ei kvinne med maske under den opne gateframvisinga i Venezia 27. januar 2024. | Foto: AP Photo/Luca Bruno

Byen har ikkje like mange gater som Rio, men kan ta feiringa ut i kanalane!

Karneval i Venezia opna 28. januar i år. Her med både båtar og gondolar som ror seg ut i kanalane blant ein eksplosjon av konfetti. | Foto: AP Photo/Luca Bruno

Fakkeltog i Middelhavet

Fasta, og tida før, er også viktig i den ortodokse kyrkja. Det skjer litt seinare enn i den katolske kyrkja, sidan den ortodokse kyrkja også feirar påska 5. mai i år. Her frå ein fakkelparade i høve karneval på den greske øya Naxos 25. februar i fjor.

Menn og kvinner målar fjeset sitt og kler seg i kvite laken under karnevalfeiringa på den greske øya Naxos. Her frå 25. februar i 2023, den fyrste fakkelparaden etter koronarestriksjonar vart oppheva. | Foto: AP Photo/Thanassis Stavrakis

Mardi Gras

I meir fransktalande delar av verda er det feitetysdag, eller Mardi Gras, som er den største festdagen. I New Orleans veit dei å feire med jazz, paradar og perler.

Folk strekker seg etter perlekjeder og andre skattar frå paraden i New Orleans i februar i 2023. | Foto: AP Photo/Gerald Herbert

Kano og karneval

I Quebec i Canada er det ikkje kostyma som pregar karnevalet, men ein kanokonkurranse. Tradisjonen tru kjem det deltakarar frå heile regionen som vil kome seg over det iskalde vatnet.

Nokre av dei 50 laga som konkurrerte i Quebec i år. | Foto: Karoline Boucher/The Canadian Press via AP

Kritikk og karikaturar

I Mainz i Tyskland har dei ein annan tradisjon, og feirar karneval heilt frå november til oskeonsdag. Paradar med satiriske karikaturar er ein kjent del av feiringa. I år kan ein sjå fleire politikarar og verdsleiarar gjennom gatene.

Russiske president Vladimir Putin får køyre saman med to tyske partileiarar, til venstre Alice Weidel, leiar for Alternativ for Tyskland (AfD), til høgre Sarah Wagenknecht som leiar det nystarta partiet Sarah Wagenknecht-alliansen (BSW). | Foto: AP Photo/Michael Probst

Så kva gjer vi i Norden? Dei færraste fastar før påske, men ordet heng sjølvsagt att i fastelavn, når vi skal ete noko av det beste og feitaste som finst. I både Sverige og Noreg kosar vi oss med semlor, eller fastelavnsbollar!

I norden er det ikkje fastelavn utan bollar. Nokre legg også til fargerike bjørkeris pynta med fjør. | Foto: Gorm Kallestad / NTB