Samuel (11): – Noreg treng landbruket!

LESARBREV: Eg bur sjølv på gard og eg trivst med det. Det er ei sak eg brenn for, og det er at landbruket ikkje skal slutte.

I 2019 så var det registrert 40.000 aktive bønder. Talet minkar for kvart år! Det er veldig skummelt for Noreg og verda. Sluttar landbruket så får du for eksempel ikkje mjølk utan klumpar, ikkje skikkeleg ost og heller ikkje smør.

Eg forstår meg ikkje på dei som seier at landbruk berre er tull.

Nesten all den maten dei et kjem frå forskjellige gardar i Noreg. Viss landbruket blir mindre, så blir maten me kjøper dyrare og mindre miljøvennleg enn det den er når me må importere maten.

Pandemi og krig viser at me er avhengige av landbruk i vårt eige land. Me må vere sjølvforsynte til kriser og når det er for dyrt å importere.

Som sagt så bur eg på gard og me har rundt 200 vinterfôra sauer og over 1.000 griser, pluss grisungar. Me slaktar sauer og grisar sjølv, og då blir maten vår veldig billig.

Derfor oppfordrar eg dykk til å lese dykk meir opp på dette yrket og eg anbefaler veldig norsk landbruk.

Viss det blir fleire bønder i Noreg hjelper dykk til å minke prisane på mat. Og dykk hjelper miljøet for då er det ikkje så lang transport og det blir sloppe ut mindre eksos.

Takk for at du tok deg tid til å lese dette og eg håpar at dykk støttar norske bønder i framtida!