– Eg trur dei fleste barn har eit ønske om å bli detektiv. Derfor har me no skrive ein bok der dei får vera nettopp det, seier Jorunn Egeland, før dottera Una (9) legg til:
– Eg likar veldig godt å skriva og lesa, og detektivbøker er spennande. Når eg les dei, lurer eg alltid på om eg også hadde greidd å løysa oppgåvene, seier ho.
«Kongens Skatt» er eit samarbeidsprosjekt i heile familien Egeland. Jorunn har hatt ansvaret, men har også fått hjelp av far Tom Egeland, mor Åse Egeland og dei tre barna.
Må løysa oppgåver medan du les
Boka er ei kodekrimbok, som set lesaren i hovudrolla. Det er altså du som lesar som må finna ein mystisk skatt, ved å løysa oppgåver undervegs. Skatten har tilhøyrt både vikingkongar og kjente kunstnarar, før den forsvann for mange år sidan. Kvar vart skatten av, og kva er den?
– Når du les boka, må du på annankvar side løysa ei oppgåve for å kunna lesa vidare, seier Una.
Mystisk stemning
Heile prosjektet starta i 2019, då Una sa frå til mamma Jorunn at ho hadde lyst til å lesa bøkene til morfar Tom Egeland.
Han er nemleg ein av Noregs mestseljande forfattarar, og ekspert på såkalla kodekrim. Og dersom du lurer litt på kva det er, så er det enkelt forklart ein krim der forfattaren brukar enkelte grep undervegs, som mellom anna at detektiven må løysa forskjellige religiøse symbol.
– I staden for å bruka desse religiøse grepa, har me heller gått for å gjera «Kongens Skatt» magisk. Det er veldig gøy å skriva noko som barn kan vera med på å lesa, seier Una og Jorunn.
– Passar for alle som likar å lesa spennande bøker
Una fortel at ho likar å skriva historier. Førstnemnde har allereie planen klar for kva ho vil gjera når ho blir vaksen.
– Eg vil bli forfattar. Eg skriv ei eiga bok no, og har skrive mange historier før, seier Una.
No håpar dei at boka fell i smak, og trur at den vil passa for barn som likar krim og som går på barne- og ungdomsskulen.
– Det er veldig gøy at boka endeleg er ute. Eg har sagt til alle vennene mine at dei må kjøpa den, seier Una.