Krig i sosiale medium: – Vit kven kjelda di er og om ho er truverdig

Kor sikker kan du vera på at det du les og ser om krigen i sosiale medium, er sant? Mange gjer bevisste val for å lura deg og meg, meiner ekspertar i faktisk.no.

Etter at Russland gjekk til åtak mot Ukraina for nesten tre veker sidan, har sosiale medium nærast fløymt over av bilde og videoar som tek oss tett på krigen. Sidan sosiale medium er gratis å bruka og når veldig mange menneske, er det ein naturleg plass å dela innhald. Også i ein krigssituasjon.

– Sosiale medium er på mange måtar godt å ha i ein krigssituasjon, når ein ønskjer å komma i kontakt med familie og venner. I tillegg kan informasjon komma raskt ut, og oppdaterera folk om det som skjer frå ulike stader. Samstundes fører det også med seg store utfordringar.

Det skriv Oda Marie Skancke, som er adjunkt i Tenk Faktisk og Dea Hovet, som er videojournalist i faktisk.no på e-post til Framtida Junior. 

Både positivt og negativt

Dea Hovet jobbar som videojournalist. Foto: Faktisk.no

Dei jobbar med å avdekkja og hindra at usanne saker spreier seg på internett. Det er mange av desse i sosiale medium – og det er lett å bli lurt.

Manipulerte videoar med usant innhald, bilde som er fleire år gamle og som ikkje høyrer til denne krigen, og materiale som mellom anna skremmande lydspor er eksempel.

– Mange tek bevisste val, for å lura folk som deg og meg. Dei veit at informasjon på sosiale medium ikkje blir kontrollert og dei veit at informasjonen blir spreidd utruleg raskt.

Det kan vera negativt at folk bruker sosiale medium som ei kjelde til å få nyheiter om krigen, nettopp fordi det ikkje er nokon som kontrollerer at innhaldet er sant, forklarar Skancke og Hovet, og legg til:

– Samstundes kan sosiale medium bidra til at informasjon om krigen kjem kjapt ut. Det kan vera positivt, så lenge informasjonen stemmer.

Les også: Blir du redd av det som skjer i nyheitene? Desse ekspertane kjem med tips

Korleis veit du om innhaldet er sant?

Oda Marie Skancke er adjunkt i Tenk Faktisk. Ho brenner for oppdatert og samfunnsrelevant undervisning i skulen. Foto: Tenk Faktisk

– Me må prøva å finna ut kva som faktisk er fakta, og kva som ikkje er det. Derfor må me vera kjeldekritiske.

Dei anbefaler at du stiller deg sjølv følgjande spørsmål:

  1. Kvar kjem informasjonen frå og finn du same informasjon andre stader? Sann informasjon finn ein ofte fleire stader.
  2. Kven er eigentleg avsendar? Om det er ein privatperson eller ei side i sosiale medium som spreier informasjonen, undersøk personen eller profilen nærare: Er han truverdig? Er dette ein du veit at du kan stola på?
  3. Har du fått med deg heile bodskapen? Ikkje gjer deg opp ei meining etter berre å ha sett overskrifta eller bildet. Teksten er også ein del av heilskapen.
  4. Vekkjer saka sterke kjensler? Slike saker blir meir delte i sosiale medium, og dette er noko aktørar nyttar seg av for å få klikk. Ver ekstra kritisk før du deler slike saker.
  5. Stemmer nettadressa, bilde, tid og dato?
  6. Sjekk kva andre kjelder seier om same sak.
  7. Om det er snakk om eit bilde, kan ein gjera eit omvendt bildesøk i til dømes Google.

Vit kven kjelda di er og om ho er truverdig

Både Instagram og Facebook har verktøy som kan merka usann informasjon. Då lurer du kanskje på kvifor me blir presentert for usann informasjon? 

Svaret er at det skjer så fort – at plattformene ikkje har sjans til å få med seg alt.

– Dette er det mange som veit, og derfor brukar dei sosiale medium til å spreia usann informasjon. Dei har ein agenda bak informasjonen sin, og det kan vera å påverka deg til å meina noko, tru på noko eller handla på bakgrunn av den informasjonen du nettopp har fått. Vit kven kjelda di er og om ho er truverdig.

Vel redaktørstyrte medium

Viss du vil vera sikker på at informasjonen du får om krigen er sann, anbefaler faktasjekkarane deg å lesa i redaktørstyrte medium som følgjer presseetiske reglar.

Eksempel er aviser, nettaviser, tv og radio-stasjonar. 

– Redaktørstyrte medium har generelt større truverd enn andre nettstader og informasjon som blir spreidd på sosiale medium. Grunnen er at dei har ein redaktør som er plikta til å kontrollera at det som blir publisert faktisk er sant. Og så er det mange andre som jobbar der som arbeider for å sikra at det dei skriv er sant. Det er jobben deira – å bringa fakta og rett informasjon til folket.