Blir du redd av det som skjer i nyheitene? Desse ekspertane kjem med tips

Dersom du synest det som skjer i Ukraina og Russland er skummelt, er du ikkje aleine. Framtida Junior har snakka med fleire ekspertar, som gir deg sine beste tips for å takla det.

Både vaksne og barn kan bli urolege og engstelege på grunn av situasjonen med krigen i Ukraina.

Derfor har me snakka med fleire ekspertar, for å få tips om korleis ein på best mogleg måte kan takla skremmande situasjonar. Dei har også delt kva dei sjølv er aller mest redd for.

Les også: Russland har gått til åtak mot Ukraina

Eystein Kvarving: Brigader/kommunikasjonssjef for Forsvarssjefen

Trykk på bildet for å gjera det større. Foto: Forsvaret. Kollasj: Framtida Junior

– Kva kan barn gjera viss dei blir urolege og engstelege for sterke inntrykk dei får gjennom media?

–  Eg tenkjer at dei burde snakka med foreldrene sine. Det er også viktig å snakka med kvarandre. I forsvaret er me opptatt av noko me kallar «makkerpar», som handlar om å setta folk saman for å ta vare på kvarandre, hjelpa kvarandre og kanskje også snakka saman. Det er kjempeviktig med gode venner. Og så finst det sjølvsagt tenester kontakttelefonar og chattetenester der du kan få hjelp, seier Eystein Kvarving.

Han er Brigader/kommunikasjonssjef for Forsvarssjefen i Noreg.

– Bør barn i Noreg vera redd for at det kan bli krig her? 

– Nei, det bør dei ikkje. Me i Forsvaret meiner at dette er ein forferdeleg situasjon for Ukraina, for Europa og for heile verda, men trusselbildet mot oss her i Noreg har ikkje endra seg. Det er ingen grunn til å vera redd her.

– Korleis taklar du dårlege nyheiter? 

– Viss det skjer noko trist i mitt liv, eller om eg blir konfrontert med noko eg synest er ubehageleg, snakkar eg med gode venner. Dei er ei stor støtte for meg.

Kjersti Toppe: Barne- og familieminister i Noreg

Trykk på bildet for å gjera det større. Foto: NTB Kommunikasjon/Statsministerens kontor. Kollasj: Framtida Junior

– Kva kan barn gjera viss dei blir urolege og engstelege for sterke inntrykk dei får gjennom media?

– Mange barn opplever nyheiter som skummelt, og det er derfor lurt å ha med ein vaksen viss ein les eller ser nyheiter. Ellers kan det vera lurt å snakka med nokon om det du tenkjer på. Viss du får sett ord på tankane dine, kan det gjera deg mindre uroleg, seier Kjersti Toppe.

Ho er Barne- og familieminister i Noreg, og politikar i Senterpartiet (Sp).

 – Kva gjer Noreg for å hjelpa til med situasjonen i Ukraina? 

– Noreg har tatt sterk avstand frå det Russland no gjer mot Ukraina. Me arbeider saman med andre land for korleis me kan hjelpa Ukraina. Så vil sikkert mange menneske flytta seg til naboland. Då kan Noreg hjelpa med telt, omnar, minisjukehus og anna viss me blir spurde. Det kallar me humanitær hjelp.

– Korleis takar du dårlege nyheiter?

– Eg blir jo engsteleg av dårlege nyheiter, slik eg trur dei fleste blir. I alle fall når det er ting som skjer nær oss og det rammar uskuldige menneske, vaksne og barn. Men eg brukar å lesa mest mogleg om det slik at eg betre kan forstå kvifor og korleis dette skjer, og kva som blir gjort for å hjelpa.

Kristin Oudmayer: Direktør for Barn sine rettar og berekraft i Unicef

Trykk på bildet for å gjera det større. Foto: Unicef. Kollasj: Framtida Junior

– Kva kan barn gjera viss dei blir urolege og engstelege for sterke inntrykk dei får gjennom media?

– Det er veldig viktig at ein ikkje går rundt og er redd åleine, så det aller viktigaste rådet er å snakka med ein vaksen ein stolar på! Det kan også vera lurt å la vera å gå inn på TikTok og andre sosiale medium der det er mykje informasjon om det som skjer. Alle har godt av å kvila seg og tenka på andre, finare ting, seier Kristin Oudmayer.

Ho jobbar som direktør for Barn sine rettar og berekraft i Unicef.

– Er det farleg for oss i Noreg at det er krig i Ukraina?

– Slik situasjonen er no, er det heilt trygt for oss i Noreg. Statsministeren, forsvaret og mange andre, passar heile tida på at det skal vera trygt her og vil gjera det som er naudsamt for at me framleis skal vera trygg.

– Korleis taklar du dårlege nyheiter?

– Eg kan bli både lei meg, sint, sur og sjokkert av dårlege nyheiter. Og nokre gonger tenkjer eg at «no orkar eg ikkje meir av alt det negative». Då skrur eg av nyheiter og gjer andre ting.

Lasse Heimdal: Generalsekretær i Kirkens SOS

Trykk på bildet for å gjera det større. Foto: Kirkens SOS. Kollasj: Framtida Junior

– Kva kan barn gjera viss dei blir urolege og engstelege for sterke inntrykk dei får gjennom media?

– Det er ikkje godt å vera redd. Viss du blir redd, bør du finna nokre vaksne som du kan fortelja det til. Kanskje det er nokon heima eller på skulen du kan snakka med, seier Lasse Heimdal.

Han jobbar som generalsekretær i Kirkens SOS.

Viss du ikkje veit om nokon vaksne du kan snakka med, tipsar Heimdal om at du kan sakka med nokon på telefon eller chat hjå til dømes Kirkens SOS eller Røde Kors.

– Korleis taklar du dårlege nyheiter?

– Eg kan bli lei meg. Viss dei dårlege nyheitene kjem frå media, så slår eg av innimellom.

Birgitte Lange: Generalsekretær i Redd Barna

Trykk på bildet for å gjera det større. Foto: Nora Lie/Redd Barna. Kollasj: Framtida Junior

– Kva kan barn gjera viss dei blir urolege og engstelege for sterke inntrykk dei får gjennom media?

– Det er forståeleg at mange barn blir redde av det dei no ser og høyrer i media og sosiale medium. Då er det viktig at dei har trygge vaksne rundt seg, som dei kan spørja dersom det er noko dei ikkje forstår eller er engsteleg for. Eit godt råd er å sjå nyheitene saman med ein vaksen, slik at den vaksne kan forklara og gi meir informasjon der det trengst, seier Birgitte Lange.

Ho jobbar som generalsekretær i Redd Barna, og fortel at dei vanskelege og avanserte orda som blir nytta no, kan føra til at barn blir meir bekymra fordi dei ikkje heilt forstår kva som skjer.

– Her kan til dømes eigne nyheitskanalar for barn vera lurt å bruka. Det viktigaste er uansett at barn ikkje blir åleine om å tolka det dei ser og høyrer, seier Lange.

– Bør barn i Noreg vera redd for at det kan bli krig her?

– Nei, her i Noreg er me trygge og blir godt passa på. Me er ikkje redde for at Russland skal ta Noreg. Men me er urolege over det som no skjer i Ukraina, og ønskjer snarleg fred for alle som bur der. Hugs at det alltid er dei voksne sitt ansvar å finna ei løysing på krig og konflikt, og dette er noko det blir jobba med kvar einaste dag i denne konflikten.

– Korleis taklar du dårlege nyheiter?

– Eg pøver å halda roa, pusta godt og snakka med andre. Så prøver eg å finna løysingar og kva eg kan bidra med.

Kjellaug Tonheim Tønnesen: Fagleg leiar i Barnevakten

Trykk på bildet for å gjera det større. Foto: Barnevakten.no. Kollasj: Framtida Junior

– Kva kan barn gjera viss dei blir urolege og engstelege for sterke inntrykk dei får gjennom media?

– Det aller viktigaste du kan gjera er å snakka med ein vaksen, og det er viktig at vaksne har tid til å prata med barn om det som skjer i Ukraina og Europa no. Fortel til ein vaksen om det som skremmer eller bekymrar deg, seier Kjellaug Tonheim Tønnesen, som jobbar som fagleg leiar i Barnevakten.

Ho fortel at det er viktig å hugsa at videoar i sosiale medium, kanskje kan skremma endå meir enn nyheitene på tv. Det er fordi du der kan sjå klipp direkte frå folk som opplever krigen på nært hold. Viss du synest dette er ekkelt, kan du aktivera «Family pairing» på TikTok eller laga ein brukar for barn 9+ eller 13+ på YouTube. Her er ei oppskrift på korleis du gjer det.

– Du kan også ta fram eit kart og sjå på Noreg, Europa og Ukraina slik at du ser at du bur langt vekke frå der krigen er. Det kan hjelpa, slik at me ikkje blir så redde for at det skal skje her me bur, seier Tønnesen.

– Korleis taklar du dårlege nyheiter?

– Eg snakkar med vennene mine og familien min om det, og viss det er noko eg kan bidra med så er det godt å få hjelpa.